21.10.2011

Tjuefyrste oktober

Tjuefyrste oktober 1941 vart verda løna med eit gitargeni, for då vart Steven Lee Cropper fødd. Steve Cropper er i mi platesamling representert som både ein Blues Brother og som mannen som står for den heilt fantastiske gitarkoselyden i supergruppa Booker T And The MGs. I 1946 kom Erick Lee Lamphear-Purkhiser til verda i Akron i Ohio. Under artistnamnet Lux Interior gjorde han seg merkt i rockabilly-punkbandet The Cramps der han var vokalist frå 1976 og fram til han døyde. Samleplata Off The Bone er på plass i hylla. Lux Interior døyde så altfor tidleg i 2009. I 1952 vart Brent Mydland fødd i den bayerske hovudstaden, ølbyen München. Mydland markerte seg i musikkverda som den fjerde keyboardspelaren i hippiekultbandet Grateful Dead og heldt ut saman med resten av bandet i elleve år til han døyde i 1990. Mydland sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1953 kom gitaristen Eric Faulkner til verda. Faulkner spelte i det skotske tyggegummibandet Bay City Rollers. I 1957 var Count Basie med storband i studio og spela inn Teddy The Toad og Li’l Darlin’, solist for sistnemnde var Wendell Culley på trompet. I 1958 vart Elvis Presley-singelen One Night tilgjengeleg i platehyllene. I USA stogga listeklatringa på ein heiderleg fjerdeplass, medan engelskmennene rydda plass på fyrsteplassen. I 1969 var Grand Funk Railroad i Cleavland Recording Company Studios og festa Please Don’t Worry, Winter And My Soul, Paranoid og Inside Looking Out til platerillene. Alle songane kan ein høyre på plata Grand Funk, som kom på markanden seinare på året. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Subway i Osnabrück. I 1989 var det Waldhorn i Mengen som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1990 la Iron Maiden ut på turnéen No Prayer On The Road. Turnéstart denne gongen var lagt til den katalanske hovudstaden Barcelona.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar