28.10.2011

Tjueåttande oktober

Tjueåttande oktober 1934 vart gitaristen Johnny Western fødd i Two Harbour i Minnesota. Western sitt gitarspel kan i mi platesamling høyrast på Johnny Cash-platene Ride This Train og Now There Was A Song, begge frå 1960. I 1957 kom trommeslagaren Stephen Morris til verda. Morris har ei fortid i New Order og Joy Division og kan hjå meg høyrast på sistnemnde si solide samleplate Substance frå 1988. I 1958 vart William Reid fødd i skotske storbyen Glasgow. Reid er den eldste av Reid-brørne, som styrar The Jesus And Mary Chain, og er representert med så mykje som tre titlar i mi samling, Psychocandy (1985), Darklands (1987) og Sound Of Speed (1993). I 1978 var AC/DC på University Of Essex i Colchester. Delar av konserten vart vist på programmet Rock Goes To College på BBC One i november same året. I 1985 spela Toy Dolls sin konsert nummer tre hundre. Det jubileet vart markert på Maxim i Stuttgart. I 1987 var Toy Dolls i Genève for å spele på Salle de Faurbourg. I 1989 spela Toy Dolls i Markthalle i Hamburg. I 1991 gav Mano Negra ut samleplata America Perdida. I 1991 gav Genesis ut si fjortande studioplate, We Can’t Dance, som var bandet si siste plate med trommeslagar/vokalist Phil Collins. I 1999 slepte rockebestemora Tina Turner plata Twenty Four Seven, som var hennar tiande soloplate. I 2003 fekk verda høve til å kjøpe The Strokes si plate Room On Fire.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar