05.10.2011

Femte oktober

Femte oktober 1943 vart Steven H. Miller fødd i motorsykkelbyen Millvaukee. Steve Miller er leiar for sitt eige Steve Miller Band og er for dei fleste best kjend for låta The Joker, som plaga oss i ein reklame for eit amerikansk buksemerke for ein del år tilbake. Ei plate med same namn som hit-singelen kom ut i 1973 og innehar verdsrekord for lengs mellomrom i tid mellom dei to gongene den har toppa listene. Plata står trygt plassert i platehylla mi og den kjem fram når syttitalsnostalgien skal pleiast. I 1945 kom Brain Francis Connolly til verda i nærleiken av skotske Glasgow. Brian Connolly var vokalist i den legendariske versjonen av det britiske glamrockbandet Sweet, som har sett spor etter seg med fleire hardtrockande slagarar. Connolly døyde i 1997. I 1947 kom Brian Johnson til verda i Gateshead. Etter å ha starte karriera si i dei lokale heltane Geordie, erstatta Johnson avdøyde Bon Scott som vokalist i AC/DC i 1980. Johnson sine fyrste vokalbidrag til AC/DC var å høyre på legendariske Back In Black, ein jobb han gjorde så bra at han framleis får lov til å syngje til Young-brørne sitt gitarspel. I 1950 vart Fast Eddie Clarke fødd i London med fullt namn Edward Clarke. Clarke hadde ei fortid i Thin Lizzy før han fekk jobben med å spele gitar på dei platene som gjorde Motörhead legendariske. I mi platehylle kan Clarke høyrast på platene Bomber og Ace Of Spades, i tillegg til ei rekkje samleplater. I 1970 gav Led Zeppelin ut si tredje studioplate. Produktet fekk det fantasifulle namnet Led Zeppelin III. I 1978 vart Patrick George Walden fødd. Patrick Walden var gitarist på Babyshambles sitt debutalbum Down In Albion frå 2005. I 1980 var det Castleside Club i Consett som var staden å vere for dei som ville sjå Toy Dolls spele. Same kveld kunne ein både sjå og høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band spele Old Time Rock And Roll og Her Strut i Boston Gardens i Boston. Me som ikkje hadde høve til å vere tilstades må nøye oss med liveplata Nine Tonight. I 1989 spelte Toy Dolls på Atack i Enschede i Nederland. I 1991 kom Heart si andre liveplate, Rock The House! Live på marknaden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar