04.10.2011

Fjerde oktober

Fjerde oktober 1948 vart Michael John Robilard fødd i Woonsocket på Rhode Island. Duke Robilard sin CV omfattar mellom anna Fabolous Thunderbirds, men hjå meg er det som gitarist på Bob Dylan si plate Time Out Of Mind talentet hans kan nytast. I 1956 fekk Langevåg på Sunnmøre to eminente jazzmusikarar, då tvillingane Helge Olav og Jarle Førde vart fødd. Saman med broren Jan Magne er dei drivkrafta i den norske jazzgruppa Brazz Brothers, som til no har to bidrag, Afrobrazz og Aquarium, i mi platesamling. I 1958 kom den amerikanske gitaristen og vokalisten Barbara Kooyman til verda. Kooyman signerte med namnet Barbara K. MacDonald då ho spelte og song i den alternative Wisconsin-duoen Timbuk 3 saman med ektemannen Pat. Saman fekk dei ein kjempehit med låta The World’s So Bright I Gotta Wear Shades. Den er å finne på debutplata Greetings From Timbuk 3 frå 1986 og kan leitast opp i mi platehylle. Etter at duoen slutta å spele saman har Barbara heldt fram med eiga solokarriere og som produsent, men ho nyttar i dag namnet Barbara K. McKenna. I 1970 døyde Janis Joplin. I 1977 var The Who i Ramport Studios i London og Goring Studios i Berkshire og spelte inn songen Who Are You. Dette var den siste innspelinga bandet gjorde med Keith Moon bak trommene, han døyde året etter. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast i Whitehouse Club i Washington. I 1986 nytta Toy Dolls dagen til å spele på Universitetet i Manchester. I 1991 slepte Mano Negra samleplata Amerika Perdida. I 2004 slepte Super Furry Animals samleplata Songbook: The Singles, Vol 1. I 2006 slepte Amy Winehouse si andre studioplate Back To Black. I 2010 var det klart for internasjonalt plateslepp for Imelda May si plate Mayhem, etter at produktet hadde vore tilgjengeleg på den irske heimemarknaden i ein måned.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar