07.10.2011

Sjuande oktober

Sjuande oktober 1931 kom felespelaren Gordon N. Terry til verda i Decatur i Alabama. Terry spelte fele for Johnny Cash på plata Ride This Train frå 1960. I 1945 vart den engelske musikaren og produsenten Kevin Michale Godley fødd. I mi platehylle kan Godley høyrast medan han trommar for den engelske gruppa 10cc. I 1964 vart den engelske songarinna Sam Brown fødd med fullt namn Samantha. Eg kan by på plata Stop! frå 1988, der kan ein få høyre slagaren med same namn som plaga delar av den vestlege verda på slutten av 1980-åra. I 1980 inntok Madness tredjeplassen på lista med ein song der minna frå ei trøblete skuletid tydleg velta på, Baggy Trousers. Same kveld var Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Boston Gardens i Boston. You’ll Accomp’ny Me, Mainstreet, Rock And Roll Never Forgets og Let It Rock kan høyrast på liveplata Nine Tonight. I 1987 er Toy Dolls utanlands og spelar på Cerdan i den franske hamnebyen Brest. I 1989 nytta Toy Dolls datoen til å vere i aksjon på De Koog i Noordesharwoude i Nederland. I 1997 slepte Steve Earle plata El Corazón og Janet Jackson slepte si sjette studioplate The Velvet Rope.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar