26.10.2011

Tjuesjette oktober

Tjuesjette oktober 1936 vart gitaristen Alvin W. Casey fødd i Long Beach. Al Casey gjorde frå ung alder karriere som studiomusikar og opp gjennom åra spelte han for, mellom anna, Beach Boys, Elvis Presley og Nancy Sinatra. I mi platesamling kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Johnny Cash- platene The Fabolous Johnny Cash frå 1958, Songs Of Our Soil og Hymns By Johnny Cash frå 1959, Ride This Train frå 1960 og Ragged Old Flag frå 1974. Casey døyde i 2006. Frå 1946 hugsar me at Keith Hopwood kom til verda i nærleiken av Manchester. Hopwood gjorde seg merkt som gitarist i Herman’s Hermits på sekstitalet, men har sidan hatt ei meir tilbaketrekt rolle i musikkindustrien. I 1953 kom Julian Keith Strickland til verda. Strickland var ein av originalmedlemmene av The B52s, der han spelte trommer. Etter at ein annan originalmedlem, Ricky Wilson døyde i 1985, gjekk Strickland over til å spele gitar. I 1956 spela Chet Baker inn Darn That Dream. Bandet som støtta trompetisten i dette tilfellet var Conte Candoli og Norman Faye på trompet, Frank Rosolino på trombone og saksofonistane Art Pepper, Bud Shank, Phil Urso og Bill Perkins. I tillegg kunne ein høyre Bobby Timmons på piano, bassisten Jimmy Bond og Lawrence Marable på trommer. Samleplata Best Of Chet Baker Plays er ein fin stad å leite om ein vil høyre denne jazzperla. I 1968 var fyrste gong Page, Plant, Jones og Bonham spelte saman under namnet Led Zeppelin. Det hendte i Boxing Club i Bristol. I 1980 var Toy Dolls attende i Shildon og Old Club var vertskap. Dette er også datoen då, i 1981, Iron Maiden la ut på fem dagar turné i Italia for å få den nye vokalisten, Bruce Dickinson, varm i trøya. I 1982 hadde Toy Dolls tatt turen sør til London og spela på Rock Garden. I 1983 kom Mötley Crue si vanskelege andreplate, Shout At The Devil, som tok dei frå å vere eit undergrunnsband til å vere verdsstjerner. I 1985 fekk alpelandet Sveits høve til å høyre Toy Dolls, det kunne dei gjere i Dolce Vita i Lausanne. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Szenvien i Vien. I 1989 var Toy Dolls komen seg til Braunschweig, der dei stod på scenen i Burgerpark, og Hooters slepte si fjerde studioplate, den fekk namnet Zig Zag og hadde med sekstitalstrioen Peter Paul And Mary som gjestevokalistar på den storselgjande singelen 500 Miles. I 1993 gav canadiske Crash Test Dummies ut plata God Shuffled His Feet, som var bandet si andre plate. I 1998 kom Robbie Williams si andre studioplate, I’ve Been Expecting You.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar