01.10.2011

Fyrste oktober

Fyrste oktober 1946 kom bassisten Dave Holland til verda i Wolverhampton. Holland sitt basspel kan hjå meg høyrast på Miles Davis sine plater In A Silent Way, frå 1969, og Water Babies, ei samleplate som kom på marknaden i 1976. I 1973 fekk Dinosaur Song evig liv då Johnny Cash gjorde ei innspeling av denne barnesongen heime i Hendersonville. Dei som har det til felles med underteikna at The Johnny Cash Childrens Album er kjøpt inn til odel og eige, kan høyre denne kvar dag. I 1980 platedebuterte Bauhaus med In The Flat Field. I 1982 stod Toy Dolls for godlyd i Mount Pleasant Club i Gateshead. I 1984 kom Ramones-plata Too Tough To Die på marknaden. Innspelinga vart gjort i Intergalactic Studios i New York i juli same år. I 1986 kunne Toy Dolls opplevast på Glasgow University. I 1990 slepte Iron Maiden plata No Prayer For The Dying, som står solid i mi platehylle. Plata sikra dei ein andreplass på listene. I 1996 kom Nirvana-plata From The Muddy Banks Of The Wishkah som inneheldt diverse liveopptak. Også New York-gjengen Pist On nytta høve til å sleppe ei plate denne dagen, den fekk namnet Number One og var deira fyrste langspelplate. I 1998 oppsummerte Mano Negra ei innhaldsrik karriere med eit Best Of-Album. I 2001 gav Vincent Gallo ut plata When. I 2004 døyde Bruce Palmer. I 2007 kom The Cult si plate Born Into This, dette var bandet si åttande studioplate.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar