10.10.2011

Tiande oktober

Tiande oktober 1969 spelte Johnny Cash inn songen 'Cause I Love You for bruk i filmen I Walk The Line med tilhøyrande soundtrack. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000. Same dag var hardarbeidande Grand Funk Railroad i studio i Cleavland og spelte inn Mr. Limousine Driver til bruk på plata Grand Funk seinare same år. Songen vart gjeven ut på singel i november og klatra til nittisjuandeplass på listene. I 1975 slepte Deep Purple si tiande studioplate. Jubileumsplata fekk tittelen Come Taste The Band. I 1980 stod universitet i stålbyen Sheffield som vertskap for kveldens Toy Dolls konsert. I 1982 var det Comrades Club i Blackhill som vart invadert av Toy Dolls fans. I 1986 hadde Toy Dolls for andre gong teke turen til Sverige for å spele og kunne opplevast på Arris i Lindköping. I 1987 var Toy Dolls og spela i Bikini Club i Toulouse, same dag vart glamrockarane frå New York, Twisted Sister, oppløyst etter ein konsert i norskamerikanarane sin hovudstad, Minneapolis. Heldigvis var ikkje denne avgjerda endeleg og etter ein pause er det gledeleg å registera at bandet spelar framleis. I 1989 fekk Batschkapp i Frankfurt i Tyskland vitjing av Toy Dolls. I 1992 gav Willie DeVille ut plata Backstreets Of Desire, som inneheld ein særs alternativ og flott versjon av Jimi Hendrix sin krigskritiske slagar Hey Joe. I 1994 slepte Suede si andre studioplate, Dog Man Star, produsent var Ed Buller. I 1995 gav No Doubt ut plata Tragic Kingdom. Dette var bandet si tredje plate og singelen Don’t Speak gjorde bandet til allemannseige. Same dag platedebuterte engelske Black Grape med It’s Great When You’re Straight Yeah.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar