14.10.2011

Fjortande oktober

Fjortande oktober 1959 vart Anthony Jude Pero fødd på Staten Island i New York. A. J. Pero er trommeslagar og held stødig takten for dei gamle glamrockarane i Twisted Sister. I 1967 kom singelen I Can See For Miles, som var henta frå The Who si plate Who’s Sell Out. I 1985 fekk frammøtte på PC69 i Bielefeldt både høyre og sjå Toy Dolls i aksjon på scenen. Same dag slepte dei australske yndlingane INXS si femte studioplate, Listen Like Thieves, som sikra dei deira fyrste topp fem singel på verdas største platemarknad, USA. I 1987 var Toy Dolls i Besançon for å spele på Mont Joye. I 1989 stod Toy Dolls på scenen på Fritz i den austerrikske hovudstaden Vien. I 1997 slepte dei alltid like hardtarbeidande punkarane i Green Day plata Nimrod. I 2006 døyde Freddy Fender.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar