02.10.2011

Andre oktober

Andre oktober 1925 vart saksofonisten Phil Urso fødd i Jersey City. Samleplata Best Of Chet Baker Plays byr på Urso sine trillande saksofontonar. Urso døyde i 2008. I 1933 fekk saksofongeniet Ronnie Ross sjå dagslys for fyrste gong. Det hendte i den indiske storbyen Calcutta og han måtte lide med døypenamnet Albert Ronald. Ross spelte saksofon for Matt Bianco til han døyde i 1991 og kan i mi platesamling høyrast på plata Whose Side Are You On frå 1984. I 1945 vart den amerikanske songaren og komponisten Donald McLean Jr. fødd i New Rochelle. Don McLean er best kjend for songen American Pie som kom på marknaden i oktober 1971 og kan nok trygt plasserast i kategorien One-Hit-Wonder. Mi platehylle byr på nettopp plata American Pie, og samling vert neppe utvida. I 1950 kom Michael John Cleote Crawford Rutherford til verda i Surrey. Mike Rutherford er ein av grunnleggjarane av Genisis og har elles gjort seg merk med bandet Mike + The Mechanics. I 1951 kom Gordon Mathew Thomas Sumner til verda i Wallsend i England. Sting slo gjennom med bandet The Police på slutten av syttitalet, han har også hatt ei karriere som skodesplar. Mi platehylle byr på både The Police og soloplata Sacred Love frå 2003. I 1962 henta Elvis Presley Return To Sender får filmen Girls! Girls! Girls og gav han ut som singel. Plata fekk plass på toppen av dei engelske listene i tre veker, men stogga på andreplassen i heimemarknaden. I 1969 kom Damond Gogh til verda i Bolton. Gogh nyttar kunstnarnamnet Badly Drawn Boy og leverar med jamne mellomrom solide bidrag til musikksoga. Hjå meg finn du, enn så lenge, plata Have You Feed The Fish frå 2002. I 1978 gav Neil Young ut plata Comes A Time der tittelsporet står fram som eit av dei mest markante frå denne plata. I 1979 la Madness seg på ein sekstandeplass på listene med The Prince som i mi platehylle kan høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 1987 er Toy Dolls å finne på Technical College i Glasgow. I 1989 platedebuterte bandet The Beautiful South med plata Welcome To The Beautiful South. I 1995 kom Iron Maiden si fyrste plateinnspeling med Blaze Bayley som vokalist. The X-Factor var namnet på den babyen som kom seint, men veldig bra inn i mi platehylle. Same dag slepte Manchester sine største furtetryner, Gallagher-brørne og resten av Oasis, si andre studioplate, (What’s The Story) Morning Glory. I 2000 platedebuterte Tom McRae med ei plate med den fantasifulle tittelen Tom McRae. I 2006 kom The Killers si andre studioplate, den hadde tittelen Sam’s Town.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar