31.12.2013

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1942 vart Andrew James Summers fødd i engelske Lancashire. Multiinstrumentalisten Andy Summers var gitarist i The Police og hjå meg kan han høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1992. I 1943 kom Peter Alexander Greenlaw Quaife til verda i idylliske Devon på den engelske sørkysten. Pete Quaife var originalbassisten i The Kinks og spelte med bandet i den mest kreative og hitrike perioden, 1963 til 1969. Hjå meg kan Quaife sitt basspell høyrast på samleplata Greatest Hits. Quaife døyde i 2010. I 1946 vart Peter William Wells fødd. Gitaristen Peter Wells var ein av grunnleggjarane av australske Rose Tattoo og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Rose Tattoo frå 2005. Wells døyde i 2006. I 1948 vart LaDonna Adriana Gaines fødd i Boston i Massachusetts. Discodronninga Donna Summer produserte ei rekkje hits på syttitalet. Hjå meg kan Summer høyrast medan ho syng hjelpevokal på Gene Simmons si soloplate frå 1978. Summer døyde av lungekreft i 2012. I 1951 vart Thomas William Hamilton fødd i Colorado Springs i Colorado. Bassisten Tom Hamilton har tent til livets opphald i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spede byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Rocks og Draw The Line, som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1953 kom den belgiske songerinna Danielle Schoovaerts til verda. Dani Klein var med å starte Vaya Con Dios, eit av belgias mest suksessrike band gjennom tidene, i 1986. Hjå meg finn du Klein sine vokalprestasjonar på plata Time Flies frå 1992, som var Vaya Con Dios si tredje studioplate og som Klein også produserte. I 1959 vart Bjørn Gunnar Sando fødd. Trommeslagaren Sando spelar til dagleg i Hellbillies og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, Sylvspente Boots (1992), Lakafant (1995) og Drag (1996), i tillegg til konsertplata Live Laga frå 1997. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, ikkje reggeaøystaten i Karribia, men ein småby i den amerikanske delstaten New York. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er i mi platehylle representert med studioplatene State Of Euphoria (1988) og Percistence Of Time (1990), i tillegg til samleplata Return Of The Killer A’s frå 1999. I 1969 kom Thornetta Davis til verda i Detroit i Michigan. Davis kan hjå meg høyrast medan ho syng bakgrunnsvokal på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. Også Billy Graziadei vart fødd denne dagen, det skal ha hendt i Boston i Massachusetts. Graziadei kan hjå meg høyrast som vokalist i Biohazard, eit band som enn så lenge er representert med to titlar, State Of The World Adress (1994) og Mata Leãõ (1996), i mi platehylle. I 1973 nytta AC/DC årets siste dag til å spele sitt fyrste offisielle show. Det skal ha hendt i ein av verdas mange homsemetropolar, Sydney i Australia, og om dei små gutane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og eit godt stykke ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1991 spelte The Allman Brothers Band i Macon City Auditorium i Georgia, ein konsert som er inkludert på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsaka til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte den Bergens-baserte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M, som bydde på sterke spor som Eple og Poor Leno, og som gjekk til topps på hitlister over heile den vestlege verda. Og med det passar det å ynskje dei som har tatt seg bryet med å kikke innom på denne bloggen gjennom eit langt og innhaldsrikt 2013 eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig også i det nye året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar