10.12.2013

Niande desember

Niande desember 1946 vart William Church fødd i Faribury i Nebraska. Bassisten Bill Church sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på to spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I Cottage Grove i Orekon kom Dennis Dunaway til verda. Bassisten Dunaway spelte i tidlegare tider i Alice Cooper Group og han er også kredittert som medkomponist på fleire av bandet sine store slagarar frå tidleg på syttitalet. Hjå meg kan Dunaway høyrast på platene Schools Out, som kom på marknaden i 1972, og på Billon Dollar Babies frå 1973. I 1950 vart den britiske songarinna og gitaristen Joan Armatrading fødd på den karibiske øya St. Kitts. Armatrading har fleire Grammy- og Brit Awards-nominasjonar og er tildelt den engelske ordenen MBE for arbeidet sitt. Hjå meg finn du Armatrading si tredje studioplate, med same namn som artisten sjølv, og som kom på marknaden i september 1976. I 1958 kom Nicholas More Seymour til verda i Benalla i australske Victoria. Bassisten Nick Seymour spelar til dagleg i Crowded House og kan hjå meg høyrast på plata Together Alone frå 1993. I 1964 kom Heiko Paul Hiersche til verda i Berlin i DDR. Paul Landers spelar gitar og spyttar flammer i Rammstein og kan hjå meg høyrast på plata Sensucht. I 1966 slepte The Who plata A Quick One på den britiske marknaden. USA måtte vente til mai året etter. I 1969 kom Brian Bell til verda i Iowa City i Iowa. Bell er til dagleg gitarist i Weezer og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Weezer (The Blue Album) (1994), Pinkerton (1996) og Weezer (The Green Album) frå 2001. I 1971 vart Geoff Barrow fødd i engelske Walton In Gordano. Barrow er medlem av den engelske elektronikatrioen Portishead og om du kjem innom kan du få høyre bandet sine to fyrste studioplater, Dummy (1994) og Portishead (1997). Du kan også få høyre Barrow medan Portishead hjelp til på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1972 vart Frank Edwin Wright III fødd i tyske Frankfurt. Frå 1990 har Tré Cool okkupert trommestolen i Green Day og mi platesamling byr på platene Dookie frå 1994 og Nimrod, som kom i 1997, i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible. I 1979 var AC/DC sin Highway To Hell-turné komen til Paris, der dei spelte på Pavillion De Paris. Eit opptak av denne konserten vart tilgjengeleg på dobbel CD i 1997 og var ein del av CD-boxen Bonfire. I 1989 fekk dei frammøtte i Youth Hall i Renteria sjå og høyre den muntre gjengen i Toy Dolls spele.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar