26.12.2013

Tjuesjette desember

Tjuesjette desember 1947 kom George Porter Jr til verda i jazzhovudstaden New Orleans i Louisiana. Bassisten Porter er best kjend for at han var med å starte bandet The Meters på midten av 1960-talet, men i mi platehylle må ein nøye seg med å høyre arbeidet hans på platene Storyville, som som var den tidlegare The Band-sjefen Robbie Robertson si andre soloplate og vart slept i 1991, og Under The Pink, som var Tori Amos sitt bidrag til populærkulturen i 1994. I 1951 vart John Scofield fødd i Dayton i Ohio. Gitaristen Scofield har ei merittliste som er lengre enn eit vondt år, men hjå meg må ein enn så lenge nøye seg med å høyre han på Miles Davis si plate Amandla frå 1989. I engelske Barnsley kom Paul Anthony Quinn til verda. Gitaristen Paul Quinn si karriere er sentrert rundt det engelske hardrockbandet Saxon, der han spelt og komponert på kvar einaste plate bandet har slept. Quinn kan hjå meg høyrast på bandet si gjennombrottsplate Wheels Of Steel frå 1980. I 1957 kom trompetisten Guy Barker til verda i London. I mi platesamling vert Baker lagt merke til for å spele flygelhorn på sporet More Than I Can Bear frå Matt Bianco si plate Whose Side Are You On frå 1984, og på eitt spor på plata Reload, som Tom Jones slepte i 1999. I 1963 vart Lars Ulrich fødd i danske Gentofte. Trommisen Ulrich er ein av grunnleggjarane av Metallica etter at han la ei lovande tenniskarriere på hylla. I mi platehylle kan Ulrich hørast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1966 er dette dagen det vert hevda Jimi Hendrix skreiv songen Purple Haze. I 1970 kom James Russel Mercer fødd i Honolulu på Hawaii. James Mercer er frontmann i The Shins og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate Chutes Too Narrow frå 2003. I 1989 var Toy Dolls sin verdsturne komen fram til Osaka i Japan. Muse Hall var staden det hendte for Toy Dolls-fansen denne kvelden, og det hendte like godt to gongar, fyrst klokka seks om ettermiddagen, sidan halv ni. I 2004 døyde den svenske cellisten Markus Sandlund. Sandlund (fødd 1975) kan i mi platehylle høyrast på Brian Wilson si konsertplate Presents Smile.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar