05.12.2013

Femte desember

Femte desember 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg i Pennsylvania. Bassisten og psykologen Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1962. Davis døyde i 2007. I 1938 vart John Weldon Cale fødd i præriebyen Oklahoma City i Oklahoma. J.J. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverda, og har i mi platesamling lurt inn ei samleplate med tittelen Classic, i tillegg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978. Cale døyde i 2013. I 1962 kom Kevin Graham Ogilvie til verda i den kanadiske olympiabyen Calgary. Tangentmannen Nivek Ogre er ein av grunnleggjarane av Skinny Puppy, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Ministry på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1973 vart Neil John Codling fødd i engelske Tiddington. Tangentmannen Neil Codling slo seg saman med Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til utvalde spor på samleplata Sci-Fi Lullabies frå 1997. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var dei unge rockarane på scenen i Sidney Meyer Music Bowl i Melbourne. Songen Problem Child frå denne konserten finn du på den doble DVD’en Plug Me In. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Ethridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fram det som skulle bli til den prisløna studioplata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan. I 1994 kom The Stone Roses si andre og, så langt, siste plate, The Second Coming. I 2000 slepte Rage Against The Machine si fjerde studioplate, Renegades, som inneheld utelukkande bandet sine eigne versjonar av andre artistar sine låtar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar