16.12.2013

Sekstande desember

Sekstande desember 1939 kom Bernard Noël McKenna fødd i den irske hovudstaden Dublin. Banjo Barney McKenna var ein av grunnleggjarane av The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, i tillegg til fleire samleplater. McKenna er også kreditert for å spele banjo på Shane MacGowan & The Popes si debutplate The Snake frå 1995. McKenna døyde i 2012. I 1945 vart William Frederick Gibbons fødd i oljebyen Houston i Texas. Billy Gibbons er den skjeggete gitaristen i den texanske bluesrockgruppa ZZ Top. Sjølv var eg heldig og fekk sjå ZZ Top i levande live i Oslo Spectrum i 1996, ei oppleving eg levde lenge på. I platehylla står, enn så lenge, dei svært så ulike platene Fandango (1975) og Recycler (1990). Gibbons er også kreditert for å bidra med grom gitarlyd på Queens Of The Stone Age si fjerde studioplate, Lullabies To Paralyze frå 2005. I Nelson i engelske Lancashire kom Anthony Christopher Hicks til verda. Gitaristen Tony Hicks har spela i The Hollies sidan 1963 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata 20 Great Love Songs. I 1946 kom framtidige Hep Stars-pianist Benny Bror Göran Andersson til verda i Stockholm. Sjølv om det var i Hep Stars grunnlaget for verdsherredømd vart lagdt, er Benny Andersson best kjent for tida i den svenske popgruppa ABBA. ABBA serverte ei rekkje hits gjennom syttiåra og vidare inn på åttitalet, og Andersson har også, i samarbeid med kompisen Bjørn Ulveus, vore med å komponere musikalar som Chess. I 1959 var Count Basie med band i studio og spela inn songen Back To The Apple. Frank Foster og Joe Newman var solistar på tenorsaksofon og trompet. Resultatet kan høyrast på samleplata Atomic Swing frå 1999. I 1973 vart Scott Spencer Storch fødd på Long Island like utanfor New York City. Plateprodusenten Scott Storch kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard på rapkollektivet D12 si debutplate Devil’s Night frå 2001. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester. I 1982 var det publikum på Mitre i Newcastle som tok i mot dei unge mennene i Toy Dolls. I 1997 døyde Nicolette Larson. I 2001 døyde Stuart Adamson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar