15.12.2013

Femtande desember

Femtande desember 1955 kom Paul Gustave Simonon til verda i engelske Halifax. Bassisten Paul Simonon er best kjend for tida i punklegendene The Clash, som så langt har lura to plater, studioplata Combat Rock (1982) og samleplata The Singles (2007), inn i samlinga mi. Simonon spelar også på Gorillaz si plate Plastic Beach frå 2010, der han er attforeina med tidlegare Clash-kollega Mick Jones. I 1956 vart William Mark Wainwright fødd på London sin austkant. William Orbit spelar gitar og tangentar på Madonna si plate Music frå 2000. I 1957 vart Tim Reynolds fødd i Wiesbaden i det som den gongen var Vest-Tyskland. Reynolds er gitarist i Dave Matthews Band og har også spela konsertar og gjeve ut plater saman med Dave Matthews under namna Dave & Tim og Dave Matthews & Tim Reynolds. I mi platehylle finn ein Reynolds sitt gitarspel på platene Under The Table And Dreaming frå 1994, før Reynolds var fullverdig medlem i DMB, og Dave Matthews & Tim Reynolds Live At Luther College frå 1999. I 1961 kom Timoty Gaines til verda i Portland i Oregon. Tim Gaines spelar til dagleg bass i bandet Stryper og kan høyrast på plata To Hell With The Devil. I 1973 vart Mick Cooke fødd. Cooke spelar til dagleg trompet i Belle & Sebastian og kan hjå meg høyrast på plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1979 inntok Toy Dolls Boldon Dewside Club i Sunderland og i 1981 spela AC/DC i Boston Garden i Boston. I 1982 er Toy Dolls på plass i Old Twenty Nine i Sunderland. I 1983 kunne Toy Dolls høyrast på Bear Pit i Newcastle. I 2011 døyde Bob Brookmeyer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar