11.12.2013

Ellevte desember

Ellevte desember 1938 kom Alfred McCoy Tyner til verda i Philadelphia i Pennsylvania. McCoy Tyner er ein jazzpianist som er best kjend for arbeidet han har gjort saman med John Coltrane, og hjå meg er det på Coltrane sine plater Olé Coltrane frå 1962 og Cresent frå 1964, det elegante pianospelet hans kan høyrast. McCoy Tyner kan også høyrast på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964. I 1954 vart Jermaine LaJuane Jackson fødd i Gary i Indiana. Jermaine Jackson er ein av fleire storebrør av betre kjende Michael Jackson og hjå meg høyrer du han på samleplata The Ultimate Collection, som Jackson 5 slepte i 1995. I 1958 vart Frank Carlton Serafino Ferrana Jr fødd i San Diego i California. Nicky Sixx tenar til sitt daglege brød som bassist i glamrockbandet Mötley Crue. Hjå meg kan Sixx sitt basspel høyrast på Mötley Crüe sine tre fyrste studioplater Too Fast For Love (1981), Shout At The Devil (1983) og Theatre Of Pain (1985). I 1961 gav Miles Davis ut plata Someday My Prince Will Come. I Illinois-storbyen Chicago kom Darryl Jones til verda. Jones er best kjend for å ha avløyst Bill Wyman som bassist i Rolling Stones, men i mi platesamling han han nytast som ein del av Miles Davis sin stødige rytmeseksjon hjå på plata Decoy frå 1984. I 1963 kom Jon Brion til verda i Glen Ridge i New Jersey. Multiinstrumentalisten Brion sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han spelar vibrafon på Grant Lee Buffalo si plate Jubilee frå 1998, og på Rufus Wainwright si sjølvtittelerte debutplate, også den frå 1998. I 1974 vart Laust Sonne fødd på Fredriksberg i Danmark. Trommeslagaren Sonne er best kjend for arbeidet han gjer med bandet D-A-D og heime hjå meg høyrer du han på plata Soft Dogs frå 2002. I 1975 kom Samantha Maloney til verda i byen som vert kalla The Big Apple. Maloney steppa inn som trommis i Mötley Crüe då den faste trommisen, Tommy Lee, var innom kasjotten, ho skal også ha spelt trommer på Hole si tredje studioplate, Celbrity Skin frå 1998, sjølv om ho ikkje er kreditert for den jobben. I 1981 spela AC/DC for andre kveld på rad i ishokeyarenaen Maple Leaf Gardens i Toronto. I 1982 var Toy Dolls på plass i Peterlee Comunity Centre. På same dag gav Slade ut konsertplata Slade On Stage, som også står trygt plassert i mi platehylle. I 1986 vart den katalanske hovudstaden, Barcelona, invadert av punkarar frå Nordaust-England, nærare bestemt Toy Dolls, og invasjonen enda på Zeleste. I 1989 var det Club Nuit i Auch som fekk vitjing av Toy Dolls. I 2001 slepte No Doubt si femte studioplate, Rock Steady. I 2012 døyde Ravi Shankar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar