18.12.2013

Attande desember

Attande desember 1941 kom Sam Houston Andrew III til verda i Taft i California. Gitaristen Sam Andrew var ein av grunnleggjarane av gruppa Big Brother & The Holding Company, som også var bandet der Janis Joplin la grunnlaget for sitt ettermæle. Hjå meg kan Andrew høyrast på Big Brother & The Holding Company si sjølvtittelerte debutplate frå 1967, i tillegg til samleplata Farewell Song, som Janis Joplin sitt dødsbu slepte i 1982. I 1943 vart Robert Henry Keys fødd i Slaton i Texas. Saksofonisten Bobby Keys er i mi platehylle kreditert for å spele på songen Had Me A Good Time frå Faces si plate Long Player, som kom på marknaden i 1971, og på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I engelske Dartford kom Keith Richards til verda. Gitaristen Richards har tent seg steinrik på å spele i Rolling Stones, hjå meg kan han høyrast medan han spelar på Tom Waits si åttande studioplate Rain Dogs frå 1985. I 1950 kom Randolpho Francisco Castillo til verda i omsungne Alberquerque i New Mexico. Trommeslagaren Randy Castillo tente lenge til livets opphald ved å halde takten for sjølvaste The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, og han har fleire plateinnspelingar bak seg. Hjå meg kan Castillo høyrast på studioplatene No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991). Castillo er også ein av fleire trommeslagarar som har vikariert i Mötley Crüe medan deira faste trommeslagar, Tommy Lee, var innom kasjotten, etter at han vart dømd for å ha banka kona si, den kanadiske skodespelaren Pamella Anderson. Castillo døyde i 2002. I White Plains i delstaten New York vart Craig Pruess fødd. Pruess er kreditert for å spele sitar på Manic Street Preachers si plate This Is My Truth Tell Me Yours frå 1998. I 1953 vart Elliot Easton fødd i Brooklyn. Easton var sjefsgitarist i The Cars og kan hjå meg høyrast på studioplatene The Cars (1978) og Door To Door 1987), i tillegg til samleplata Greatest Hits frå 1987. I 1964 var Johnny Cash i studio i countryhovudstaden Nashville i Tennessee og spela inn songane The Wall, You Wild Colorado og Wildwood Flower. Han spela også inn si versjon av Bob Dylan sin slager Don’t Think Twice, It’s Alright. Cash byrja også på innspelinga av When It’s Springtime In Alaska (it’s forty below) (duett med June Carter) og Amen. Alle songane kan høyrast på plata Orange Blossom Special, og i tillegg finn du When It’s Springtime In Alaska og The Wall på samleplata Murder frå 2000. I 1969 var eit Band Of Gypsies leia av Jimi Hendrix i studio for å spele inn Ezy Ryder. I 1971 kom Baxter Dury til verda i engelske Wingrave. Den engelske indieartisten Baxter er son av meir meritterte Ian Dury og debuterte som frontfigur på omslaget til faren si plate New Boots And Panties som femåring. Hjå meg kan Baxter Dury høyrast på plata Floor Show frå 2005. I 1972 kom Leor Dimant til verda i Riga i Latvia. DJ Lethal spelte tidlegare med House Of Pain, hjå meg kan han høyrast medan han samplar og spelar tangentar for Limp Bizkit på samleplata New Old Songs frå 2001. I 1974 vart Knut Schreiner fødd i Oslo. Gitaristen Euroboy har gjort seg merkt både i Turboneger og Kåre And The Cavemen, som etter kvart endra namn til Euroboys. Hjå meg høyrer du Euroboy Schreiner på platene Jet Age som Kåre And The Cavemen slepte i 1997, Soft Focus (Euroboys 2007) og Retox, som Turbonegro slepte i 2007. I Newark, New Jersey kom Rashia Fisher til verda. Rapartisten Rah Digga har tidlegare samarbeida med Busta Rhymes, hjå meg høyrer du ho på plata The Score, som Fugees slepte i 1996. I 1979 spela Toy Dolls i Rumors Disco i Sunderland. I 1983 avslutta Iron Maiden World Piece Tour med konsert i Dortmund. I 1987 døyde Conny Plank. I 2000 døyde Kirsty MacColl. I 2011 døyde Ralph MacDonald.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar