28.12.2013

Tjueåttande desember

Tjueåttande desember 1942 vart Allan Schwartzberg fødd i New York City. Trommisen Schwarzberg sitt bidrag til mi platehylle finn du på Gene Simmons si soloplate frå 1978, i tillegg til eit spor på plata Music From The Elder, som Kiss slepte i 1981. I 1946 kom Edgar Holland Winter til verda i Beaumont i Texas. Edgar Winter er yngre bror av gitaristen Johnny Winter. Multiinstrumentalisten Edgar Winter trakterar keyboard og saxofon og har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand. Hjå meg må du enn så lenge nøye deg med å høyre Winter på konsertplata Captured Live (1976), kreditert den meir meritterte storebroren, Johnny Winter, på Meat Loaf si storselgjande plate Bat Out Of Hell frå 1977, i tillegg til Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. I 1947 vart Jess Roden fødd i engelske Kidderminster. Songaren Rodden kan hjå meg høyrast medan han yt vokalhjelp til Mott The Hoople på bandet si tredje studioplate, Wildlife frå 1971. I 1948 kom Joseph Modeliste til verda i New Orleans i Louisiana. Trommisen Ziggy Modeliste var ein av grunnleggjarane av The Meters, hjå meg kan han høyrast medan han held takten på eit spor på Robbie Robertson si studioplate Storyville frå 1991. I 1950 vart Hugh McDonald fødd Philadelphia i Pennsylvania. Den merriterte studiobassisten McDonald har ei fortid med så ulike artistar som Alice Cooper og Willie Nelson, men slo seg etter kvart saman med Bon Jovi, og kan hjå meg høyrast på plata These Days frå 1995. I 1978 kom John Roger Stephens til verda i Springfield i Ohio. Artisten John Legend sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast som pianist på Everything Is Everything på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1981 fekk Norseman Hotel i Peterlee atter ein gong dei hardtarbeidande pønkarane i Toy Dolls på vitjing. I 1983 døyde Dennis Wilson. I 1984 døyde Eddie Brown. I 1989 spelte Toy Dolls to konsertar i Club Quatro i Tokyo. Fyrste opptreden var klokka seks om ettermiddagen og klokka halv ni var det sanneleg på an igjen. I 1991 gjorde The Allman Brothers Band den fyrste av tre konsertar i Macon City Auditorium i Georgia. Opptak frå denne konserten kan høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set, som kom på marknaden året etter. I 2004 slepte hardtarbeidande Glen Matlock And The Phillestines plata On Something.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar