12.12.2013

Tolvte desember

Tolvte desember 1915 vart Francis Albert Sinatra fødd i Hoboken i New Jersey. Songaren Frank Sinatra var kjend som Ol’ Blue Eyes og kunne fronte eit kvart storband med stor suksess. I mi platehylle finn du den uautoriserte samleplata The Original Sessions Vol. 2. Sinatra døyde i 1998. I 1936 kom Reggie Young til verda i Caruthersville i Missouri. Gitaristen Young er best kjend som studiomusikar, og hjå meg kan han høyrast på studioplata Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til platehyllene i 1973, Waylon Jennings si plate Ol’ Waylon frå 1977, og på countrylegenda George Jones si sekstiande studioplate Walls Can Fall, som kom på marknaden i 1992. I 1941 vart Tim Hauser fødd i Troy i delstaten New York. Songaren Hauser var ein av grunnleggjarane, og einaste gjenværande originalmedlem, av vokalgruppa The Manhattan Transfer, og hjå meg kan han høyrast på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1943 vart Forrest Richard Betts fødd i West Palm Beach i Florida. Gitaristen Dickey Betts var ein av grunnleggjarane av The Allman Brothers Band og held ut saman med resten av bandet enno. Hjå meg kan Betts sitt gitarspel høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1944 kom Alejandro Neciosup Acuña til verda i Pativilca i Peru. Trommisen Alex Acuña sitt arbeid kan i mi platehylle høyrast på plata Storyville, som var den tidlegare The Band-nestoren Robbie Roberson si andre soloplate og kom på marknaden i 1991. Same fødselsdag er kreditert Robert Derminer. Rob Tyner er best kjend som vokalisten med det store håret i det amerikanske punk/hardrock-bandet MC5, som inspirerte ein heil generasjon unge punkarar og hardrockarar på slutten av sekstitalet. MC5 sitt bidrag til mi platesamling heiter Back In The USA og kom på marknaden i 1970. Tyner døyde av hjerteinfarkt i 1991. I 1945 kom Anthony Tillmon Williams til verda i Chicago i Illinois. Trommeslagaren Tony Williams kan hjå meg høyrast medan han held takten for Miles Davis på platene In A Silent Way frå 1969, og Water Babies frå 1976. Williams døyde i 1997. I 1948 vart Lindsay Raymond Jackson fødd i engelske Newcastle-upon-Tyne. Mandolinvirtousen Ray Jackson har ei fortid i Lindsifarne, hjå meg kan han høyrast på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974. I 1953 kom Bruce Kullick til verda i Brooklyn i New York City. Gitaristen Kullick spelar i dag i Grand Funk Railroad, men er kan hende best kjend for at han spelte i Kiss i ei årrekkje, og han kan hjå meg høyrast på platene Crazy Nights frå 1987 og Alive III frå 1993. Same dag gav liv til den tidlegare Georgia Satellites-vokalisten Daniel John Baird. Dan Baird, vart fødd i San Diego i California og vert rekna som ein av pionerane i Cow/Country-punk genren og er i dag sjef i eige hus i bandet Homemade Sin, i tillegg til arbeidet han gjer med moderbandet The Georgia Satellites. Hjå meg kan Baird høyrast på plata In The Land Of Salvation And Sin, som moderbandet gav ut i 1989. I 1956 vart Geir Holmsen fødd i Oslo. Bassisten Holmsen er høgskule utdanna i faget sitt og kan skilte med fleire fjernsynsseriar på CV’en. Hjå meg kan Holmsen høyrast på utvalde spor på samleplatene Absolute Prima Vera (1994), og 21 Beste, som var Olav Stedje sitt bidrag til populærkulturen i 1998. I 1965 kom David Russel Batiste Jr til verda i New Orleans i Louisiana. Trommisen Russel Batiste Jr sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Robbie Robertson si andre soloplate Storyville frå 1991. I 1971 vart Hans Petter Åserud fødd. Åserud var med å starte Trang Fødsel i 1992 og kan hjå meg høyrast på studioplatene Hybel (1997) og Feber (1998). I 1972 vart Hank Williams III fødd i countrybyen Nashville i Tennessee. Barnebarnet til den legendariske hulkecountrystjerna Hank Williams har markert seg i den diffuse countrypunksjangeren, og står på ingen måte tilbake for korkje bestefar eller far, den nesten like vidgjetne countryartisten Hank Williams Jr. I 1973 kom Paz Lenchantin til verda i Mar Del Plata i Argentina. Bassisten Lenchantin er systera til cellisten Ana Lenchantin, og saman flytta dei til Los Angeles i California i ung alder, og ho kan i mi platehylle høyrast som gjestemusikar på Queens Of The Stone Age si plate Song For The Deaf frå 2002. I 1976 kom Daniel Francis Hawkins til verda i Surrey. Dan Hawkins er bror av meir kjende Justin Hawkins og spelar gitar i bandet The Darkness, som hjå meg er representert med med debutplata Permission To Land frå 2003. Same kveld gjorde AC/DC opptak for australsk fjernsyn og spelte eit seksten minuttar langt sett der ein får høyre Baby, Please Don’t Go og Problem Child. For dei som gjekk glipp av denne sendinga då ho gjekk på australsk fjernsyn er det høve til å sjå dette opptaket på DVD-plata Let There Be Rock. I 1977 spelte Willie Nelson inn Stardus, Georgia On My Mind, Blue Skies, All Of Me og Moonlight In Vermont, som alle endte opp på plata Stardust. I 1981 var AC/DC og spela i Forum i Montreal. I 1982 var Toy Dolls å finne i Shineyrow Club i Sunderland. I 1983 var Toy Dolls framleis å finne i Sunderland, på Old Twenty Nine denne gongen. Same dag var AC/DC attende i Capital Center i Largo/Landover der publikum fekk høyre Flick Of The Switch og Bedlam In Belgium. Eit tidlegare uutgjeve opptak frå denne konserten er å finne på DVD-samlinga Plug Me In. I 1985 døyde Ian Stewart. I 1986 vitja Toy Dolls Sala Txibisto i Begara. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Les Confert Modern i Pottiers. I 1991 døyde saksofonisten Ronnie Ross. I 2007 var dette dagen gitaristen Ike Turner gjekk bort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar