03.12.2013

Tredje desember

Tredje desember 1946 vart Albert Victor Malcolm fødd i Newcastle-Upon-Tyne. Gitaristen Vic Malcolm spelte i Geordie, og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It, som kom på marknaden i 1997. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Michael Osbourne i den fattigslege bydelen Aston i den engelske storbyen Birmingham. Industriarbeidarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet, og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. Hjå meg finn du Ozzy sine soloplater No Rest For The Wicked (1988), No More Tears (1991) og Ozmosis (1995), og konsertplatene Speak Of The Devil (1982), Tribute (1987) og Live & Loud (1993). I 1953 kom Duane Roland til verda i Jeffersonville i Indiana. Gitaristen Roland var ein av grunnleggjarane av Molly Hatchet og spelte med bandet fram til 1990. Hjå meg kan Roland høyrast på studioplata Flirtin’ With Disaster frå 1979 og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. Roland døyde i 2006. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjøen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regissøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild. I 2001 døyde Grady Martin. I 2002 slepte EMI Europe samlinga 18 Classic Tracks på vegne av Ike & Tina Turner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar