13.12.2013

Trettande desember

Trettande desember 1947 vart Charles B. Findley fødd i Johnstown i Pennsylvania. Trompetisten Chuck Findley sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Joni Mitchell si plate Hejira frå 1976. I 1948 kom Theodore Anthony Nugent til verda i traktene rundt Detroit i Michigan. Gitaristen Ted Nugent har ei fortid i Amboy Dukes, men er best kjend for arbeidet med eiga solokarriere. Nugent er kjend som The Motor City Madman og får diverre omdømet sitt skjemt av ei rekkje særs høgrevridde meiningar som provar at ein ikkje treng vere over gjennomsnittet smart for å spele gitar på dugande vis. Hjå meg finn du Nugent sitt arbeid på soloplata Penetrator frå 1984. I den amerikanske hovudstaden Washington D.C. vart Jeffrey Allen Baxter fødd. Gitaristen Jeff Baxter har vore innom både Steely Dan og The Doobie Brothers, men arbeider i dag som rådgjevar for det amerikanske forsvarsdepartementet med missilar som spesialfelt. Hjå meg høyrer du Baxter sitt gitarspel på platene Gene Simmons Soloalbum frå 1978, og Backstreets Of Desire, som Willy DeVille slepte i 1992. I London kom David O’List til verda. Gitaristen Davy O’List var innom Roxy Music tidleg i deira karriere og hjå meg kan han høyrast på utvalde spor på samleplata More Than This frå 1995. I 1974 vart Nicholas John Augustine McCarthy fødd i badebyen Blackpool. Nicholas McCarthy livnærer seg som gitarist i det skotske indiebandet Franz Ferdinand og kan hjå meg høyrast på bandet sine tre fyrste studioplater, Franz Ferdinand (2004), You Could Have It So Much Better (2005) og Tonight: Franz Ferdinand (2009). I 1982 kunne Toy Dolls opplevast i New Crown Hotel i South Shields, og Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte studioplata The Distance. I 1986 var Toy Dolls i Zaragoza for å spele på Metro. I 1988 gjekk Uriah Heep i PRT Studios for å spele inn det som endte opp som plata Raging Silence, som kom ut året etter på det svenske selskapet Lynx Records. I 2005 gav Beck ut plata Guerolito, som inneheld remixa versjonar av songane på plata Guero, som kom ut tidlegare same året. I 2007 døyde Dan Fogelberg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar