14.05.2011

Trettande mai

Trettande mai 1947 kom bassisten og produsenten Peter Overend Watts til verda. Watts spelar bass på dei Mott The Hoople platene som er i mi platehylle og det gjer han med både stil og bravur. I 1954 vart den slitne og ikkje så alt for tiltalande industribyen Buffalo velsigna med ein countryartist. Ray Kennedy heiter han og han har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men hjå meg er det som perkusjonist hjå Steve Earle ein kan høyre han. I 1962 kom musikkprodusenten Yngve Leidulv Sætre til verda. Sætre kan hjå meg høyrast som vokalist i bandet Barbie Bones som i 1992 fekk spelemannsprisen for plata Death In The Rocking Horse Factory. I 1964 vart Glasgow berika med ein kvinneleg songar. Lorraine McIntosh er best kjend for å synge nydeleg i Deacon Blue. McIntosh er i tillegg gift med bandleiar Ricky Ross. I 1971 var Cornelis Vreeswijk og heldt konsert i Kunstträdgården i Stockholm. Publikum fekk mellom anna høyra Svappavaara-visan som var med på plata Låt Almerna Leva. Produsent var Anders Burman og songen kan også høyrast på samleplata Guldkorn (Samhällskritikern). I 1988 starta Iron Maiden sin Seventh Son Of A Seventh Son-turne i Moncton i Canada. Dette var fyrste av femtini konsertar i Nord-Amerika. I 1992 kunne Jethro Tull opplevast i levande live i Athen. Someday The Sun Won’t Shine For You og John Barleycorn kan høyrast på liveplata A Little Light Music frå september 1992. I 1994 slepte Mano Negra studioplata Casa Babylon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar