21.05.2011

Tjuefyrste mai

Tjuefyrste mai 1920 kom jazzmusikaren John William Barber til verda. Barber vart kjend som den fyrste til å spele moderne tubaspel i jazzmusikken og kan i mi platesamling høyrast på Miles Davis si Birth Of The Cool, som også er nemnt mellom 1001 plater du må høyre før du døyr i boka med same namn. Barber døyde i 2007. I 1929 vart Larance Marable fødd i Los Angeles. Trommeslagaren Lawrence Marable held takten for Chet Baker på enkelte spor på samleplata Best Of Chet Baker Plays. I 1954 vart gitaristen Marc Ribot fødd i Newark i New Jersey. Ribot har spelt med ei rekkje store amerikanske artistar og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Tom Waits på plata Mule Variations frå 1999. I 1963 fekk verda ein trommeslagar i Pete Sandoval. Sandoval frå El Salvador held til dagleg takten for death metall-bandet Morbid Angel frå Florida. I 1965 gav The Who ut singelen Anyway, Anyhow, Anywhere som nådde ein tiandeplass på singellistene og som seinare vart nytta som kjenningsmelodi på fjernsynsprogrammet Ready, Steady, Go. Songen var spelt inn i IBC Studios i London i april same år og produsent var, som vanleg tidleg i The Who si karriere, Shel Talmy. I 1970 var supergruppa Crosby, Stills, Nash & Young på plass i Record Plant Studio 3 for å spele inn Ohio, ein singel som også kan høyrast på Neil Young Greatest Hits. I 1981 spelte Iron Maiden opningskonserten på den fyrste turnéen sin i Japan. Same dag var det minnekonsert i Kingston på Jamaica til ære for avdøydde Bob Marley. Konserten vart arrangert av det jamaikanske folket og både statsminister og opposisjonsleiaren var til stades. I 1987 enda Iron Maiden sin Somewhere On Tour i Osaka etter totalt eitt hundre og førtiåtte konsertar. I 1992 spelte Jethro Tull i Jerusalem, dei frammøtte fekk høyre Locomotive Breath, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar