01.05.2011

Tjuesjuande april

Tjuesjuande april 1947 fekk verda trommeslagaren James Lee Keltner. Jim Keltner frå Tulsa i kvegstaten Oklahoma er studiomusikar, han vert rekna som ein av verdas beste i sin bransje og heldt mellom anna takten for Bob Dylan på plata Pat Garrett & Billy The Kid, som var lydsporet frå filmen med same namn, og på platene Shot Of Love frå 1981 og Time Out Of Mind som kom på marknaden i 1997. Rytmesikre Keltner held også takten for Stones-mannen Mick Jagger på plata Wandering Spirit frå 1993, og var eit opplagt val då Rufus Wainwright platedebuterte med ei sjølvtittelert plate i 1998. I 1948 kom Kate Pierson til verda og fekk tildelt fullt namn Cathrine Elisabeth Pierson i New Jersey. Pierson er vokalist og originalmedlem i B52s, ho kan også høyrast som den kvinnelege bakgrunnsvokalen på fleire plater med R.E.M og låta Chop Suey av Ramones. I 1951 kom den originale Kiss-gitaristen Ace Freley til verda som Paul Daniel Freley. Freley spelte gitar i Kiss frå starten av karriera til 1982. Han gjorde i tillegg eit etterlengta come back i 1996 og spelte den gongen med bandet til 2002. I tida utan Kiss har ”Space Man” pleia ei solokarriere med sitt eige band, Freley’s Comet, som enno ikkje har fått plass i mi platehylle. I 1957 vart den engelske musikaren Adrian Utley fødd i Northampton. Utley er best kjend for arbeidet med Portishead og kan hjå meg høyrast på platene Dummy frå 1994 og Portishead frå 1997. I 1961 gjekk Johnny Cash i studio og hadde fyrste innspelingsdag for My God Is Real. Innspelinga vart fullførd dagen etter og enda opp på plata Hymns From The Heart. Produsentar var Don Was og Frank Jones. I 1964 var dette fyrste innspelingsdag, av to, for plata Cresent av John Coltrane Quartet. I 1976 vart Isobel Campbell fødd i den skotske storbyen Glasgow. Campbell er kjend som Belle i bandet Belle & Sebastian, eit band ho forlét i 2002. Ho er i dag ein mykje nytta artist og kan hjå meg høyrast medan ho spelar Cello på B&S-plata The Boy With The Arab Strap frå 1998. I 1998 gav svenske Dark Funeral ut si andre plate Vobiscum Satanas, som jamnt over fekk gode kritikkar i metallpressa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar