14.05.2011

Fjortande mai

Fjortande mai 1943 kom Derek Leckenby til verda i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. Leckenby vert hugsa for glitrande gitarspel i Herman’s Hermits. Leckenby døyde i 1994. I 1971 spelte The Who på Liverpool University. Same dag og same stad vert dei fotografert for omslaget til plata Who’s Next. I 1976 gav AC/DC ut den internasjonale versjonen av albumet High Voltage. Låtutvalet på denne versjonen er satt saman av to songar frå den originale High Voltage-plata og eit utval av songar frå den neste AC/DC-plata på den australske marknaden T.N.T. I 1977 kom Heart si andre studioplate, Little Queen på marknaden. Plata har seld til tre gonger platinum i USA og har bandet sitt feitaste opningsriff gjennom tidene med songen Barracuda. I 1982 slepte The Clash si femte studioplate, den fekk tittelen Combat Rock og produserte kjempehitten Should I Stay Or Should I Go?. Plata var den siste der Mick Jones og Topper Heddon deltok. I 1991 vart Elvis Costello si trettande studioplate, Migthy Like A Rose, tilgjengeleg for det platekjøpande publikumet. I 1992 var Jethro Tull og spelte andre kveld på rad i Athen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar