28.05.2011

Tjuesjette mai

Tjuesjette mai 1926 vart jazztrompetisten Miles Dewey Davis III fødd i den amerikanske delstaten Illinoise. Miles Davis var både bandleiar og komponist, spelte med dei fleste av verdas største jazzartister og rakk å bli ein av verdas mest innflytingsrike jazzartistar før han døyde etter ei tids sjukeleie i 1991. Miles Davis gav ut meir enn hundre studio-, konsert- og samleplater, men mi platehylle byr så langt berre på sju av desse. I 1940 kom Mark Lavon Helm til verda i Marvell i Arkansas. Levon Helm gjorde seg merkt på seksti- og syttitalet som trommeslagar og vokalist i det legendariske folkrockbandet The Band. Helm sitt trommespel finn ein på plata Islands og som takthaldar for Neil Young på plata Hawks & Doves (1980). I 1944 vart Terrence Allen fødd. Mannen som er kjent som Verden Allen er ein av grunnleggjarane av Mott The Hoople, der han spelte keyboard. I 1946 kom Mick Ronson til verda i hamnebyen Kingston-upon-Hull. Ronson er best kjend for samarbeidet med David Bowie tidleg på 1970-talet, men hadde også ei solokarriere før også han slo seg saman med undergrunnsheltane i Mott The Hoople. Ronson samarbeida etter Mott The Hoople-tida med Ian Hunter til han diverre døyde av leverkreft i 1993. Mykje av det beste Ronson spelte inn og gav ut er samla på plata Heaven & Hull som vart gjeven ut etter at meisteren gjekk bort, men i mi platehylle er det på Ian Hunter si sjølvtittelerte debutplate og liveplata Welcome To The Club gitarspelet hans kan høyrast. I 1963 var Elvis Presley i studio og spela inn (You’re The) Devil In Disguise. I 1964 kom Leonard Albert Kraviz til verda. Lenny Kraviz har ei solid solokarriere, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Mick Jagger si plate Wandering Spirit frå 1993 han kan høyrast. I 1988 var Toy Dolls i Valladolid for å spele på Hippo. I 1989 avslutta Melissa Etheridge studioarbeidet på det som vart gjeve ut som plata Brave And Crazy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar