14.05.2011

Tolvte mai

Tolvte mai 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Robins Dury fødd i Harrow, ikkje langt frå den pulserande storbyen London. Ian Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar, som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythm Stick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself. Begge er kjøpt på tilbod på Posten for tjuefem kroner stykket. Kupp. Dury gjekk dessverre så altfor tidleg bort i 2000. I 1945 kom Ian Patrick McLagan til verda i Hunslow. Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på plata Long Player frå 1971. I 1958 kom den amerikanske trommeslagaren Eric Singer til verda i byen som i følgje Ian Hunter rockar, Cleveland. Singer, som har døypenamnet Eric Doyle Mensinger, har tromma for store namn som Black Sabbath og Alice Cooper, før han erstatta Eric Carr som trommis i Kiss og kan hjå meg høyrast på plata Alive III. I 1962 vart Bad Religion-gitaristen Bret Gurewitz fødd i Los Angeles. Gurewitz var med og starta Bad Religion så tidleg som i 1979, men har hoppa av fleire gonger, for så å slå seg saman med gamle punkvenner igjen. Som sjef for Epitaph Records har han også vore med og forme karrieren til Rancid, som er eit anna band som tek opp plass i platehylla mi. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass og songen kan, for dei som ikkje hadde høve til å kjøpe originalinnspelinga, høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. I 1987 døyde Victor Feldman. I 1992 var Jethro Tull i Frankfurt og dei som stappar liveplata A Little Ligth Music i spelaren kan høyre Life Is A Long Song frå denne konserten. Same dag slepte The Black Crows den andre studioplata si, den fekk namnet The Southern Harmony And Musical Companion. I 1998 gav Soul Asylum ut plata Candy From A Stranger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar