29.05.2011

Tjueniande mai

Tjueniande mai 1949 var det jubel i familien Rossi, for då kom vetle Francis Dominic Nicholas Michael kom til verda. I nesten seksti år har Francis Rossi pleia musikarkarriere si som ein del av det engelske booggierockbandet Status Quo, og saman med makker Rick Parfitt har han fått den engelske utmerkinga OBE for innsatsen sin. I 1961 kom Melissa Lou Etheridge til verda. Melissa Etheridge har vore offentleg lesbisk i ei årrekkje og har fleire barn saman med den kvinnelege partnaren sin. Rykta har strøyma om kven som kan vere faren, og ein av dei som er nemnd i den samanhengen er ein annan musikar, nemleg David Crosby frå den legendariske kvartetten Crosby, Stills, Nash & Young. Eg har, uavhengig av legning, vore fan av denne dama så lenge eg kan hugse og har gjennom åra investert tungt i dei fleste platene ho har sendt ut på marknaden, og har planar om å halde fram med det til krampa tar meg. I 1963 vart Bayley Alexander Cooke fødd i Birmingham. Under namnet Blaze Bayley har han gjort seg merkt som vokalist i både eit sjølvtittelert band og i Wolfsbane, men i mi platehylle er det som vokalist i Iron Maiden han kan høyrast. Denne dagen i 1967 gav oss Oasisgitaristen Noel Gallagher. Gallagher er den som har vore musikalsk ansvarlig for det meste av det beste av det grinegutane frå Manchester har gjort og kan hjå meg høyrast på platene What’s The Story (Morning Glory), Unplugged, Familliar To Millions og Be Here Now. Sistnemde vert rekna som ein flopp og kan hende er eg litt unik som har investert i det makkverket. I 1979 kunne delar av AC/DC sin konsert i Glasgow året før sjåast på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One. I 1980 var Toy Dolls attende i Round Robin Pub i Sunderland for å spele for andre gong på ei veke. I 1988 kunne dei same Toy Dolls opplevast på Txibisto i Bergara.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar