09.05.2011

Niande mai

Niande mai 1947 kom Uriah Heep gitaristen Mick Box til verda i London som Michael Frederick Box. Box har vore med i den engelske hardrockgruppa Uriah Heep sidan starten og har såleis opplevd både oppturar og nedturar med bandet som ein gong i tida fylte store konsertsalar over heile verda. Box er ein gudnåda gitarist som briljerte stort under ein konsert på Maxime i Bergen i 1989. I 1949 vart William Martin Joel fødd i New York av jødiske immigrantforeldre. Billy Joel har etter kvart etablert seg som ein av dei største amerikanske poprock artistane etter at han slo gjennom med songen Piano Man i 1973. I mi platehylle finn ein, i kronologisk rekkefølgje, Glass House (1980), liveplata Kohuept frå 1987 og studioalbumet Stormfront frå 1989. I 1950 vart Tom Peterson fødd i Rockford i Illinois. Peterson er bassist i Cheap Trick, eit av mine store favorittband frå ungdomstida. I 1951 kom bassisten John Victor Edwards til verda i London. Rhino Edwards er best kjend for å traktere bassen i seinare versjonar av Status Quo, og kan i mi platesamling høyrast på platene Rock ’Til You Drop frå 1991 og konsertplata Live Alive Quo frå 1992. I 1962 vart Paul David Heaton fødd i Bromborough. Paul Heaton har ei fortid som hooligan, men er langt betre kjend for tida i bandet The Housemartins. Hjå meg kan Heaton derimot høyrast som vokalist på platene Welcome To The Beautiful South og Painting It Red, som no oppløyste The Beautiful South spelte inn i høvesvis 1989 og 2000. Same dag kom Dave Gahan til verda i Essex. Gahan var med å starte synthpoptrioen Depeche Mode i 1980 og kan hjå meg høyrast på platene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1985) og Playing The Angel, som kom på marknaden i 2005. I 1992 var Jethro Tull i Graz der dei frammøtte, mellom anna, fekk høyre A New Day Yesterday, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1995 gav det amerikanske death metall-bandet Morbid Angel ut plata Domination.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar