08.05.2011

Åttande mai

Åttande mai 1943 kom gitaristen Danny Ray Whitten til verda i Columbus, Georgia. Whitten starta karriera si saman med Ralph Molina og Billy Talbot, noko som etter kvart vart til bandet Crazy Horse, som er kjend for samarbeidet med Neil Young. Hjå meg kan Whitten sitt gitarspel høyrast nettopp hjå Neil Young, på plata Tonight’s The Night. Whitten sleit etter kvart med massive rusproblem noko som resulterte i at han fekk sparken både frå Crazy Horse og Neil Young sitt band, men først rakk han å inspirere Neil Young til å skrive songen The Nedle And The Damage Done. Whitten døyde i 1972. 1982 fekk Huddersfield Polytechnic vitjing av Toy Dolls. I 1984 kom Bob Marley-samleplata Legend, som kan hende er den beste samlinga av reggaemusikk som nokon gong har vore på marknaden. I 2006 vart det mogleg å kjøpe Neil Young si plate Living With War i butikkar, etter at plata hadde vore tilgjengeleg for nedlasting i nesten ei veke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar