17.05.2011

Syttande mai

Syttande mai 1955 vart gitaristen Pat Irwin fødd. Pat Irwin har gjeve sitt bidrag til fleire band på New York sin pønkscene i overgangen mellom sytti- og åttitalet, men hjå meg finn du gitarspelet hans på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1957 kom Paul Andrews til verda i den engelske hovudstaden. Paul di Anno var Iron Maiden sin fyrste vokalist og røysta hans kan høyrast på dei to fyrste studioplatene bandet gav ut. I 1965 såg Michael Trent Reznor dagens ljos. Reznor er best kjend som mannen bak industrimetallprosjektet Nine Inch Nails, ei gruppe som prydar platehylla mi med plata Things Falling Apart frå 2000. Reznor kan også høyrast som gjestevokalist på songen Past The Mission frå Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1973 kom Josh Homme til verda med fullt namn Joshua Michael Homme. Homme er den kreative krafta i gruppa Queens Of The Stone Age, som er noko av det grommaste rocken har å by på for tida. Queens Of The Stone Age-platene Songs For The Deaf frå 2002 og Lullabies To Paralyze er på plass i platehylla mi, og fleire står på ynskjelista. I 1982 gjekk U2 i studio for å byrje innspelinga av plata War. I 1992 gav Melissa Etheridge ut plata Never Enough. I 1994 kom Violent Femmes si plate New Times. I 1999 gav Moby ut plata Play.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar