16.05.2011

Sekstande mai

Sekstande mai 1965 vert hugsa for fødselen av Krist Anthony Novoselic. Novoselic var bassist i grungebandet Nirvana og vert rekna som limet som heldt bandet saman i dei mest stormfulle periodane før bandet vart oppløyst etter at gitarist og vokalist Kurt Cobain gjekk bort i 1994. I 1966 vart Janet Damita Jo Jackson fødd i Gary i Indiana. Vetlesystera til meir merreterte Michael signerte med A&M Records som sekstenåring og har produsert musikk av høg kvalitet jamt og trutt. Janet Jackson’s Rhythm Nation 1814 har loppa millionar av platekjøparar for pengane deira. På Janet Jackson sin fødselsdag gav Bob Dylan ut plata Blonde On Blonde. Plata var spela inn i tidsrommet oktober 1965 til mars 1966 i CBS Studios i countrybyen Nashville og vert rekna som ei av dei beste han har gjort nokon sinne. Frå 1980 vert dagen hugsa for at Olga og dei andre i Toy Dolls var attende og spelte for trufaste fans i Comrades Club i Hordon. I 1992 var Jethro Tull og underheldt i Ankara, dei frammøtte fekk høyre, mellom anna, Too Old To Rock’n Roll, Too Young To Die, som også kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 2000 slepte The Getaway People plata Turnpike Diaries, og Lou Reed sine fans fekk høve til å høyre det beste av det beste frå den gamle samuraien på ei og same plate. I 2010 måtte Ronnie James Dio gje tapt for kreften og eit langt liv i hardrocken si teneste var over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar