18.05.2011

Attande mai

Attande mai 1922 kom den dansk-amerikanske trombonespelaren Kai Chresten Winding til verda i den jyllandske hovudstaden Århus. Kai Winding var i si tid innom orkesterleiaren Benny Goodman sitt band, men vert ofte hugsa for eit livslangt samarbeid med trombonisten J.J. Johnson, ein mann han spelte saman med på Miles Davis-plata Birth Of The Cool frå 1957. I 1930 kom trombonisten Mike Zwerin til verda. Zwering var ein del av Miles Davis sitt band fram til innspelinga av Birth Of The Cool og kan høyrast på plata med same namn. Zwerin døyde i 2010. I 1949 vart Richard Christopher Wakeman fødd i London. Rick Wakeman er klassisk skolert pianist og er ein av dei mest markante musikarane som har vore innom det engelske progbandet Yes, der han gjerne spelte keyboard. Wakeman har også vore innom Ozzy Osbourne sitt band der mi platesamling byr på Wakeman sitt arbeid på plata Ozzmosis frå 1996. Wakeman sine bravadar med Yes kan hjå meg høyrast på plata Going For The One frå 1977. I 1954 kom Reinhold Heil til verda. Heil sitt bidrag til mi platehylle finn ein på plata Unbehagen, som Nina Hagen Band slepte laus på platekjøparane i 1979. I 1971 var Cornelis Vreeswijk i Stockholm og spelte inn En Fattig Trubadur. Songen, som sikkert har sjølvbiografiske trekk, kan mellom anna høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer frå 1996. I 1973 spelte Johnny Cash inn songane Nasty Dan og One and One Makes Two i heimbyen Hendersonville. Begge songane kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album som kom ut same året. I 1979 platedebuterte Ian Dury & The Blockheads med plata Do It Yourself. Dury var sjølvsagt ein røynd plateartist, men dette var den fyrste plata Dury gav ut der han krediterte resten av bandet og plata produserte hittsinglen Hit Me With Your Rhythm Stick. I 1980 døyde Ian Curtis, og seinare på kvelden sa Shildon Old Club i Durham Oi!Oi! då Toy Dolls gjekk på scenen. I 1984 var Amsterdam Youth Centre vertar for Toy Dolls. I 1989 gav Miles Davis ut plata Amandla. Amandla betyr makt på dei to sørafrikanske språka Xhosa og Zulu. I 1992 slepte Kim Wilde plata Love Is. I 1993 gav Kiss ut si tredje liveplate, og den fekk det treffande namnet Alive III. Dagen bydde også på eit høgdepunkt frå Judas Priest-leiren, dei gav ut samleplata Metal Works ’73-’93 som gjev platekjøparane det beste frå dei tjue fyrste åra med bandet. I 2004 døyde Elvin Jones.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar