31.08.2012

Trettifyrste august

Trettifyrste august 1940 kom Wilton Lewis Felder til verda i Houston i Texas. Bassisten Wilton Felder er ein av fleire bassistar som er kreditert for å spele på Marvin Gaye si plate I Want You frå 1976. I 1942 vart den svenske jazztrommisen Bengt Berger fødd i Stockholm. Hjå meg kan Berger høyrast på Eagle-Eye Cherry si debutplate Desireless frå 1997. I 1945 kom den nordirske songaren George Ivan Morrison til verda i Belfast. Van ”The Man” Morrison, er kjend som ein grinebitter som det er tilnærma umogleg å samarbeide med, og som ei notorisk fyllebøtte, men at mannen kan synge, er det ikkje nokon grunn til å tvile på. I mi platehylle finn du studioplatene No Guru No Method No Teacher (1986), Enligthenment (1990) og Back On Top (1999). I tillegg prydar samleplata Bang Masters frå 1991 hylla, den byr på det grommaste frå The Belfast Cowboy, inkludert superhiten og kjenningsmelodien Brown Eyed Girl. I 1948 vart Rudolf Schenker fødd i Hildesheim i den tyske delstaten Niedersachsen. Gitaristen Schenker starta Scorpions som syttanåring i 1965 og har, som einaste originalmedlem, vore med på alle opp og nedturar sidan. I 1957 kom Glenn Martin Tilbrook til verda i London. Glenn Tilbrook er best kjend som songar i Squeeze, men hjå meg kan han høyrast medan han syng og spelar gitar på plata Across From Midnight, som Joe Cocker slepte i 1997. Same dag vart den danske songarinna og musikkpedagogen Hanne Boel fødd i Københamn. Plata Kinda Soul frå 1992 prydar mi platehylle. I 1980 spela Toy Dolls i Witt On Gilbert Club i Durham. I 1984 var Toy Dolls attende på Norseman i Amble. I 1985 vart det nok ein åttandeplass på dei britiske singellistene for galningane i Madness då dei song om Yesterdays Men.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar