27.08.2012

Tjuesjuande august

Tjuesjuande august 1941 fekk Kapp Verde-øyane og snart resten av verda den fantastiske songarinna Césaria Évora. Dama, kjend som The Barefoot Diva, platedebuterte seint med plata La Diva Aux Pieds Nus (1988), men hjå meg må ho nøye seg med å syngje bakgrunnsvokal. Évora døyde i 2011. I 1950 kom John George Turnbull til verda i Newcastle-upon-Tyne. Gitaristen George Turnbull har spela med ei rekkje store namn i engelsk musikkindustri og kan hjå meg høyrast på plata Do It Yourself med Ian Dury & The Blockheads frå 1979. I 1953 vart Alexandar Zivojinovic fødd i British Coloumbia. Alex Lifeson er gitarist i det kanadiske bandet Rush, som har platene Fly By Nigh (1975), Grace Under Pressure (1984) og Hold Your Fire (1987), i mi platehylle. I 1956 kom Sex Pistols-grunnleggjaren Glen Matlock til verda i London. Etter at Matlock fekk sparken som bassist i Sex Pistols har han vore innom fleire band, mellom anna The Phillestines, som gjesta Garage i Bergen siste dagen i april 2011. Hjå meg kan Matlock sitt arbeid høyrast på titlar frå begge ovanfornemnde gruppene. I 1964 fekk verda ein Johnny Cash versjon av Bob Dylan sin It Ain’t Me Babe. Songen vart spela inn i Nashville og kan høyrast på plata Orange Blossom Special. Tony Kanal kom til verda i 1970, han er bassist i den amerikanske gruppa No Doubt. I 1975 vart Jan Ove Ottesen fødd. Janove Ottesen var eit lovande fotballtalent på Jæren før han kom til Bergen og musikken tok han. Sjefen i Kaizers Orchestra har absolutt heidersplass i avdelinga for norskspråkleg rock i mi platehylle. I tillegg til arbeidet kreditert Kaizers Orchestra kan Ottesen også høyrast som hjelpevokalist på plata Songs From Östra Knoll 1:22, som er The Grand Island si tredje studioplate og kom på marknaden i 2010. I 1977 kom Franz Nicolay til verda i Centre Sandwich i New Hamshire. Multiinstrumentalisten Nicolay sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på The Hold Steady si plate Stay Positive frå 2008. Same dag vart ein live-versjon av Lynyrd Skynyrd sin Gimme Back My Bullets gjort tilgjengeleg som ein promosingel som var henta frå ein konsert i Anaheim sør for Los Angeles. I 1980 slepte B52’s si andre studioplate, Wild Planet. I 1990 slepte Gianna Nannini plata Scandalo og Stevie Ray Vaughan døyde. I 1991 gav Bob Seger And The Silver Bullet Band ut plata The Fire Innside, og Pearl Jam platedebuterte med Ten. I 1992 platedebuterte Hallingdal sine store countrysøner, Hellbillies med Sylvspente Boots på det norske selskapet Spinner. I 1996 gav The Who ut samleplata My Generation: The Very Best Of The Who, som selde til gullplate i USA. I 2001 slepte Sophie Ellis-Bextor. I 2002 slepte Aimee Mann plata Lost In Space, og Queens Of The Stoneage slepte si tredje studioplate, Songs For The Deaf, der tidlegare Nirvana-trommis Dave Grohl hadde teke plass bak trommesettet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar