14.08.2012

Fjortande august

Fjortande august 1941 kom David Van Cortland Crosby til verda i storbyen Los Angeles i California. David Crosby er best kjend for samarbeidsprosjektet Crosby, Stills, Nash & Young, men har gjeve ut ei rekkje plater på eiga hand og i ulike samarbeidskonstellasjonar. Hjå meg finn du Crosby sitt arbeid på The Byrds si plate Fifth Dimesion frå 1966, og soloplata If I Could Only Remember My Name frå 1971. Crosby kan også høyrast på songen Rock & Roll Woman frå Buffalo Springfield si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967, og Through My Sails frå kompisen Neil Young si plate Zuma frå 1975. I 1948 vart Bruce Thomas fødd i Stockton-on-Tees. Bassisten Thomas er best kjend for å spele i Elvis Costello sitt tidlegare band The Attractions, og kan hjå meg høyrast medan han spelar for Billy Bragg på plata Workers Playtime frå 1988. I 1956 vart Lennart Olaf Birger Eriksson fødd i ein av forstadane utanfor Stockhom. Lennart Eriksson var bassist i Ebba Grön, som i mi platehylle er representert med titlane We’re Only In It For The Drugs, Live og Samlingen. I 1963 kom Kjartan Kristiansen til verda. Gitaristen Kristiansen har hovudansvaret for låtskrivinga i trønderbandet DumDum Boys, som hjå meg er representert med samleplata Schlägers frå 2001. I 1971 fekk det platekjøpande publikummet i USA høve til å kjøpe The Who sitt meisterverk Who’s Next. Plata nådde #4 på dei amerikanske listene. I 1973 var The Who i studioet Eel Pie og la siste hand på låtane Postcard, Now I’m A Farmer, Water og Naked Eye som alle enda opp på Odds & Sods året etter. I 1982 hadde Fowlers Yard i Durham vitjing av Toy Dolls. I 1992 gav Motörhead ut ei plate med tittelen March Ör Die.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar