30.08.2012

Trettiande august

Trettiande august 1935 kom John Edmund Andrew Phillips til verda i Parris Island i South Carolina. Gitaristen John Phillips er best kjend for å vere med å grunnleggje The Mamas & The Papas og hjå meg kan han høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Phillips døyde i 2001. I 1945 vart Fred Tackett fødd i Arkansas. Fred Tackett er best kjend for å spele i Little Feat, men kan hjå meg høyrast på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. I 1950 kom Michael Joseph Moody til verda i Middlesbrough. Micky Moody kan i mi platehylle høyrast medan han, saman med Bernie Marsden, spelar ein akustisk blueskonsert i myteomspunne Hell i Trøndelag i 1993. I 1965 gav Bob Dylan ut si sjette studioplate, Highway 61 Revisited, den fyrste plata han spela inn med fullt band. I 1985 døyde Philly Joe Jones. I 1992 spelte Status Quo for 125000 ivrige fans i Sutton Park i nærleiken av Birmingham. Høvet var engelske Radio 1 sitt tjuefemårs jubileum og for dei av oss som ikkje var tilstades i The Midlands denne dagen kan denne konserten høyrast på plata Live Alive Quo, som kom på marknaden seinare same året. I 1994 var det klart for platedebut for dei to kranglete Gallagher-brørne og resten av Oasis, plata hadde tittelen Definitely Maybe og selde i meir enn sju millionar eksemplar, imponerande for eit par Manchester City supportarar. I 1999 platedebuterte Madrugada med Industrial Silence, som ganske snøgt gjekk til topps på dei norske platelistene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar