10.08.2012

Tiande august

Tiande august 1940 kom gitaristen Jerry Glenn Kennedy til verda i Shreveport i Louisiana. Kennedy spelar gitar for Bob Dylan på plata Blonde On Blonde frå 1966. I 1947 vart Jethro Tull-sjefen Ian Scott Anderson fødd i Dunfermline i Fife i Skotland. Anderson har vore leiar av Jethro Tull sidan starten på slutten av 1960-talet. Underteikna var så uheldig å sjå Anderson og Jethro Tull i Grieghallen i Bergen i 2009, men røysta til Anderson var så dårleg at det heile var ganske så skuffande. Då er det betre å hygge seg med dei platene som står i hylla heime, studioplatene This Was (1968), Aqualung (1971), Thick As A Brick (1972), Too Old To Rock & Roll; Too Young To Die (1976), Heavy Horses (1978), Catfish Rising (1991) og konsertplata A Little Light Music (1992). I tillegg til samleplatene M.U. The Best Of Jethro Tull (1976), Repeat. The Best Of Jethro Tull Vol II (1977) og Nightcap (1993). I 1950 kom Patti Austin til verda i Harlem i New York City. Songerinna Austin fekk gleda av å syngje på Michael Jackson si plate Off The Wall frå 1979, og det er henner bidrag til mi platehylle. I 1956 kom Lars Martin Myhre til verda i noregs eldste by, Tønsberg. Myhre sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Odd Børretzen si plate Noen Ganger Er Det Alright (1995), der Myhre både har komponert og står for gitarspel. I 1961 vart Jonathon James Farriss fødd i Perth på den australske vestkysten. Jon Farriss har traktert trommene i bandet INXS sidan starten i 1977. Hjå meg kan Farriss høyrast på platene Listen Like Thiefs (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1978 kunne ein høyre Gasolin i Tigerstaden. Dei heldige frammøtte fekk mellom anna høyre Det Bedste Til Mig Og Mine Venner, Hvad Gør Vi Nu, Lille Du, Kattemor og Kloden Dreier Stille Rundt som alle er å høyre på samleplata Derudaf - Forever. I 1979 slepte Michael Jackson plata Off The Wall, som vart hans fyrste store gjennombrott med millionsal på heimemarknaden. I 1981 gav Bob Dylan ut plata Shot Of Love. I 1984 platedebuterte Red Hot Chili Peppers med ei plate med same namn som bandet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar