15.08.2012

Femtande august

Femtande august 1925 kom Oscar Emmanuel Peterson til verda i Montreal i den kanadiske delstaten Quebec. Pianisten Oscar Peterson gav ut over to hundre plater og vann åtte Grammy-prisar. Hjå meg kan tangentleikenhans høyrast på plata Ella & Louis Again, som Ella Fitzgerald og Louis Armstrong gav ut i 1957. Peterson døyde i 2007. I 1956 vart Petter-John Vetterse fødd i Skotland. Tangentmannen Vetterse kan hjå meg høyrast på Simple Minds si plate Real Life frå 1991. I 1962 kom Tor Øyvind Syvertsen til verda. Gitaristen Syvertsen er best kjend for å spele i Mods og The September When. Hjå meg kan Syvertsen høyrast på Mods si samleplate Originalar (1992), som er ei samling av bandet sine to fyrste studioplater Revansj (1981) og Amerika (1982). I 1984 slepte Motörhead plata No Remorse, og det har dei sikkert ikkje angra på. I 1995 slepte Garbage si sjølvtittelerte debutplate, ei plate som nådde topp tjue i ei rekkje land i den vestlege verda. Same dag oppsummerte The Jackson 5 si karriere med plata The Ultimate Collection. I 2009 døyde Jim Dickinson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar