13.02.2015

Trettande februar

Trettande februar 1950 vart Robert John Daisley fødd i den australske storbyen Sydney. Bassisten Bob Daisley har spela bass for store namn som Ozzy Osbourne og Mungo Jerry. Hjå meg kan Daisley høyrast på Rainbow si plate Long Live Rock’n Roll frå 1978, Uriah Heep si fjortande studioplate, Abiminog, frå 1982, Black Sabbath si plate Eternal Idol frå 1987, utvalde spor på Ozzy Osbourne si konsertplate Tribute (1987), i tillegg til studioplatene No Rest For The Wicked (1988) og No More Tears (1991), og på Gary Moore si plate After Hours frå 1992, samt utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som Uriah Heep slepte i 1991. I 1956 kom Peter Hook til verda i engelske Salford. Bassisten Hook var ein av grunnleggjarane av Joy Division og New Order og kan hjå meg høyrast på dei to ulike samleplatene Substance 1987 (New Order) og Substance 1988 (Joy Division), i tillegg til eit spor på Gwen Stefani si studioplate Love Angel Music Baby frå 2004. I 1957 vart Anthony Earle Peter Butler fødd i London. Bassisten Tony Butler er best kjend for arbeidet han har gjort med Big Country og kan hjå meg høyrast på plata The Seer frå 1986. I 1962 kom Robert Damien Ellis til verda i engelske Bristol. Plateprodusenten Rob Ellis kan hjå meg høyrast medan han speler trommer og syng bakgrunnsvokal på studioplatene Rid Of Me (1993), Is This Desire (1998) og Stories From The City, Storeis From The Sea, alle med PJ Harvey i hovudrolla, og på madan han held takten på plata Grit, som Madrugada slepte i 2002. I 1964 vart Sergio Conforti fødd i den italienske motemetropolen Milano. Tangentmannen Rocco Tanica sitt bidrag til mi platesamling kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1998. I 1970 gav Black Sabbath ut den sjølvtitulerte debutplata si og ei lang teneste i dei tunge riffa si teneste starta for dei unge rockarane frå Midt-England. I 1974 vart den engelske artisten Robert Peter Williams fødd i Stoke-on-Trent. Robbie Williams starta karrieren som ungjenteidol i dansebandet Take That, men har seinare etablert seg som soloartist og mi platehylle er berika med studioplata I’ve Been Expecting You frå 1998. Williams kan i mi platehylle høyrast når han stiller opp og samarbeidar på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1978 kunne lukkelege tilhøyrarar høyre Gasolin i Greve. Der framførde dei mellom anna Get On The Train og Jumbo Nummer Nul. Måndag trettande februar 1984 gjekk Judas Priest på scenen i Stadhalle i Offenbach. Oppvarmar var Ted ”Cat Scratch Fever” Nugent. I 1989 sa Uriah Heep seg fornøgd og avslutta innspelinga av albumet Raging Silence, ei plate som kom på marknaden på plateselskapet Lynx Records seinare same år. I 1996 kom The Fugees si andre og, enn så lenge, siste studioplate, The Score. I 2001 gav John Fruiscante ut plata To Record Only Water For Ten Days. I 2002 døyde countrystjerna Waylon Jennings av komplikasjonar i samband med diabetes.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar