27.02.2015

Tjuesjuande februar

Tjuesjuande februar 1920 kom Abraham Most til verda i New York City. Klarinettisten Abe Most sitt bidrag til mi platehylle høyrer du på tittelsporet på Toni Mitchell si kritikarroste studioplate Hejira frå 1976, og på Madonna si soundtrack-plate I’m Breathless frå 1990, der han trakterar både klarinett og saksofon. Most døyde i 2002. I 1945 vart Carl Anderson fødd i Lynchburg i Virginia. Songaren Anderson vert helst hugsa for rolla som Judas i Broadway-oppsetjinga av Jesus Christ Superstar. I mi platehylle kan Anderson høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på eitt spor på Weather Report si samleplate Collections frå 2008. Andeson døyde i 2004. I San Juan, den største og viktigaste byen på Puerto Rico, kom Danny Rivera til verda. Songaren Rivera er kjend over heile den spansktalande delen av verda, hjå meg kan du høyre røysta hans på plata Songs From The Capeman, som Paul Simon slepte i 1997. I 1951 kom Stephen Malcolm Ronald Nice til verda i London. Steve Harley har, saman med Cockney Rebel, produsert ei rekkje store hits opp gjennom tida, og er best kjend for Make Me Smile (Come Up And See Me), Sebastian og ein rimeleg bra versjon av George Harrison sin Here Comes The Sun. I mi platehylle er det meste av det best frå Steve Harley & Cockney Rebel samla på samleplata The Very Best Of. I 1954 vart Neal George Joseph Schon fødd på ein av det amerikanske flyvåpenet sine basar i preriestaten Oklahoma. Gitaristen Neal Schon er den einaste som har spela på alle Journey sine studioplater, og hjå meg kan du høyre gitarspelet hans på samleplata Greatest Hits frå 1988. I 1957 kom Adrian Fredrick Smith til verda i ein av London sine austlege bydelar. Adrian Smith har traktert gitaren i Iron Maiden sidan 1980 og debuterte på plata Killers. Smith tok ein pause frå Iron Maiden frå 1990 til 1999, men er i dag attende i gjengen som underheldt bergenserar og tilreisande på Koengen i august 2010 og juni 2014. Hjå meg høyrer du Smith sitt gitarspel på studioplatene Killers (1981), The Number Of The Beast (1982), Piece Of Mind (1983), Powerslave (1984), Somewhere In Time (1986), Seventh Son Of A Seventh Son (1988), Brave New World (2000), Dance Of Death (2003), A Matter Of Life And Death (2006) og The Final Frontiere (2010), i tillegg til konsertplata En Vivo frå 2012. I 1960 vart John Roy Van Zant fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Songaren Johnny Van Zant er yngre bror av Lynyrd Skynyrd-grunnleggjaren Ronnie Van Zant, og då denne omkom i eit flykrasj i 1977, overtok han like gjerne broren si rolle som frontfigur for sørstatsrockarane då desse tok opp att turnelivet i 1987. Hjå meg kan Johnny Van Zant høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997). I 1962 var dette datoen Elvis Presley slepte singelen Good Luck Charm laus på den platekjøpande delen av folket. Plata nådde fyrsteplassen i både USA og England, høvesvis i to og fem veker. I 1964 vart Ewen Vernal fødd i skotske Glasgow. Bassisten Vernal er best kjend for å vere ein del av rytmeseksjonen i det skotske bandet Deacon Blue og kan hjå meg høyrast på platene Raintown (1987) og Fellow Hoodlum (1991). I 1981 vart Noam Pikelny fødd i Chicago i Illinois. Banjoguruen Pikelny kan hjå meg høyrast på k.d. Lang si plate Watershed frå 2008. Same dag gav The Who ut singelen You Better You Bet, som klatra så høgt som til niandeplass på dei engelske listene. I 1983 vart datoen prega av at ein kunne høyre Toy Dolls på Gallery i Manchester. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Circus i Oslo for å underhalde dei frammøtte. Same dag gjekk AC/DC i gang med innspelinga av ein promovideo til Who Made Who. Resultatet kan ein mellom anna sjå på DVD’en Family Jewels. I 1995 var det klart for plateslepp for PJ Harvey si tredje studioplate To Bring You My Love. Plata vart ung Polly Jean si gjennombrottsplate. I 1996 gav The Pogues ut plata Pogue Mahone, ein platetittel som er så direkte tale som ”kyss meg i ræva”, utan at nokon treng kjenne det som eit personleg kall. I meir heimlege trakter nytta Bel Canto dagen til å sleppe plata Magic Box.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar