03.02.2015

Tredje februar

Tredje februar 1942 vart Eric Haydock fødd i engelske Burnley. Bassisten Haydock var originalbassisten i The Hollies, men fekk sparken så tidleg som i 1966. Hjå meg kan Haydock sitt basspel nytast på utvalde spor på samleplata 20 Great Love Songs. I 1947 kom David Russell Gordon Davies til verda i metropolen London. Gitaristen med det fantasifulle namnet David Davies er yngst i ein syskenflokk på åtte og vetlebror til meir kjende Ray Davies. Saman starta dei to brørne bandet The Kinks og la ut på ei musikalsk reise som for det meste skulle handle om storebror Ray sine til tider geniale idear. I mi platehylle finn du samleplata Greatest Hits. I 1956 vart Lee M. Ranaldo fødd på Long Island i New York. Lee Ranaldo var med å starte Sonic Youth i 1981 og har markert seg såpass at han vert rekna som ein av verdas femti beste gitaristar. Hjå meg kan Ranaldo høyrast på platene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). I 1959 kom Laurence Andrew Tolhurst til verda i engelske Horley. Trommeslagaren og keyboardmannen Lol Tolhurst var, saman med Robert Smith, ein av grunnleggjarane av The Cure, men sa takk for seg og forlet bandet i 1989. Hjå meg kan sitt arbeid Tolhurst høyrast på studioplatene Kiss Me, Kiss Me, Kiss Me (1987) og Disintegration (1989). I 1967 vart Børge Petersen-Øverleir fødd på Hemnesberget. Gitaristen Petersten-Øverleir er ein mykje nytta turnégitarist og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren for Halvdan Sivertsen på plata Kjærlighetslandet frå 1994. Same dag spelte Jimi Hendrix Experience in The Wind Cries Mary i Olympic Studios. I 1999 døyde Gwen Guthrie. I 2003 kom den vanskelege andreplata frå Kaizers Orchestra. Tittelen, Evig Pint, tyder på at det var ein tøff innspelingsprosess som låg bak det ferdige produktet. Også Tom McRae slepte andreplata denne dagen, tittelen Just Like Blood tydar på at også dette var resultatet av ein vanskeleg prosess. For Nick Cave og dei aldrande punkarane i The Bad Seeds var det vonleg mindre smerte, men like fullt høg kvalitet då dei slepte si tolvte studioplate, Nocturama. Ein stor platesleppdag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar