11.02.2015

Ellevte februar

Ellevte februar 1931 kom Lionel Batiste til verda ved munningen av Mississppielva, i New Orleans i Louisiana. Trommeslagaren Batiste kan i mi platehylle høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991. Batiste døyde i 2012. I 1943 kom Alan Rubin til verda i New York City. Mr. Fabolous var ein meister på fleire blåseinstrument og kan hjå meg høyrast som ein del av The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på samleplata Best Of The Blues Brothers (1981), på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1984, på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, og på Anutha Zone, som Dr. John slepte i 1998. Alan Rubin døyde i 2011. I 1956 vart David Uosikkinen fødd i Cheltenham i Pensylvania. Trommeslagaren Uosikkenen er ein av originalmedlemmene i det amerikanske bandet The Hooters og held takten på to bidrag til mi platehylle, studioplatene Zig Zag frå 1989 og Out Of Body frå 1993. I 1957 kom Øystein Eldøy til verda. Bassisten Eldøy slo seg saman med Stavangerensemblet i 1981 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Ska Det Ver…Så Ska Det Ver (1981) og Knappar Og Glansbilder (1984). I 1962 kom Sheryl Suzanne Crow til verda i småbyen Kennett i Missouri. Sheryl Crow, som har vore meir i europeisk media på grunn av spekulasjonar rundt ekskjærasten sin påståtte, og godt dokumenterte kombinasjon av sykkelkarriere og dopbruk, har vunne så mykje som ni Grammy-prisar. I tillegg til soloprosjekta sine har ho spela med artistar som Mick Jagger, Eric Clapton og Kid Rock. I mi platehylle kan Crow, i tillegg til debutplata Tuesday Night Music Club frå 1993, høyrast medan ho syng og spelar accordion på Johnny Cash sine plater American III: Solitary Man frå 2000 og Unearthed (2003), og på Ryan Adams si studioplate Easy Tiger frå 2007. I 1968 vart Per Kristian Ottestad fødd. Ottestad sitt bidrag til mi platehylle heiter Turnpike Diaries og vart slept på marknaden av The Getaway People i 2000. I IBC Studios i London produserte Kit Lambert The Who-låta Little Billy. I 1974 kom Michael Eugene Archer til verda i Richmond i Virginia. Multiinstrumentalisten D’Angelo markerar seg like sterkt som plateprodusent som musikar, men er likevel kreditert med vokalhjelp på Lauryn Hill si plate The Miseducation Of Lauryn Hill frå 1998. I 1977 vart Michael Kenji Shinoda fødd i Augora Hills i California. Mike Shinoda er frontmann i Linkin Park og kan hjå meg høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, som begge kom på marknaden i 2003. I 1984 var det songen om den engelske skodespelaren Michael Caine som sikra Madness ellevteplass på hitlistene. I 1985 slepte The Smiths si andre studioplate, Meat Is Murder, som mange hevdar er bandet sitt sterkaste kort. I 1992 kom Cowboy Junkies si fjerde studioplate, Black Eyed Man. I 1997 platedebuterte Erykah Badu med den kanonsterke plata Baduizm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar