04.02.2015

Fjerde februar

Fjerde februar 1943 kom Barry Edward Beckett til verda i Birmingham i Alabama. Tangentmannen Barry Beckett var ein viktig del av Muscle Shoals Rhythm Section, men kan hjå meg høyrast medan han spelar på Bob Seger sine studioplater Beatuiful Loser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978), The Distance (1982) og The Fire Inside (1991). Beckett er også kreditert for å spele piano på utvalde spor på Aretha Franklin si samleplate The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1., som kom på marknaden i 1994, og samleplata Classics, som J.J. Cale slepte i 1999, og på The Waterboys si studioplate Room To Roam frå 1990. Beckett døyde i 2009. Ein annan sentral medlem av Muscle Shoals Rhythm Section vart også fødd denne dagen, Jimmy Johnson vart fødd i Sheffield i Alabama. Gitaristen Jimmy Johnson kan hjå meg høyrast på platene Beautiful Loser (1975), Night Moves (1976), Stranger In Town (1978) og Against The Wind (1980), som alle vart slepte av Bob Seger And The Silver Bullet Band, i tillegg Rod Stewart si studioplate Vagabond Heart frå 1991, og samleplatene The Best Of Carly Simon (1975), The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. (1994), og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1948 vart predikantsonen Vincent Damon Furnier fødd i Allen Park i Michigan. Alice Cooper tok ikkje artistnamnet sitt etter gruppa han var med å starte i 1966 før i 1972, men i dag er det Furnier som er kjend som Alice Cooper. Både bandet og artisten har hatt fleire storselgjande plater frå starten og utover og hjå meg høyrer du studioplatene Billion Dollar Babies (1973) og From The Inside (1978), i tillegg til samleplata The Beast Of Alice Cooper. I tillegg kan Alice Cooper høyrast på sporet The Garden på Guns ‘N Roses si plate Use Your Illution I frå 1991. I 1963 vart Kevin John Wasserman til verda. Gitaristen Noodles spelar til dagleg i The Offspring og hjå meg kan han høyrast på platene Ignition (1992), Smash (1994), Americana (1998), Conspiracy Of One (2000) og Splinter (2003). I Cupertino i California kom Bryan Mantia til verda. Med kallenamnet Brain er Mantia kjend for å halde takten i Primus, som har fått plata Porc Soda (1993) inn i mi platehylle. Brain kan også høyrast medan han trommar på songen Big In Japan på Tom Waits si plate Mule Variations frå 1999. I 1967 nådde singelen Hey Joe frå Jimi Hendrix fjerdeplass på dei engelske platelistene. I 1969 slepte Aretha Franklin ein singel med sin eigen versjon av The Band-klassikaren The Weight. I 1975 vart Natalie Jane Imbruglia fødd i den austalske storbyen Sydney. Songerinna Natalie Imbruglia sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på eit spor på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1977 gav Fleetwood Mac ut plata Rumours og med det var dei sikra legendestatus for fleire generasjonar framover. I 1980 var den dagen End Of The Century vart slept laus på folket. Dei skinnjakkekledde karane i Ramones hadde spela inn denne plata i Gold Star Studios i solrike California året før. Do You Remember Rock’n Roll Radio og Cinese Rock kan høyrast på plata Ramones Mania. Produsent var legendariske Phil Spector som er kjent for sin Wall Of Sound og slo gjennom som produsent med Da Doo Ron Ron. I 1991 gav Thin Lizzy ut samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy. I 2001 døyde jazzmusikaren J.J. Johnson. I 2003 gav 50 Cent ut plata Get Rich Or Die Tryin’. I 2009 døyde Lux Interior. I 2013 døyde Reg Presley og Alva Lewis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar