19.02.2015

Nittande februar

Nittande februar 1943 vart Bobby Gene Emmons fødd i Corinth i Mississippi. Bobby Emmons er i mi platehylle kreditert for å spele diverse tangentinstrument på J. J. Cale si samleplate Classics frå 1999, samt orgel på utvalde spor på Olav Stedje si samleplate 21 Beste frå 1998. I 1947 kom Øystein Dolmen til verda i trønderhovudstaden Trondheim. Dolmen er kjent for nordmenn flest som den eine halvleiken av duoen Knudtsen & Ludvigsen og har underheldt fleire generasjonar vaksne og barn, samstundes, med ablegøyane sine. Høyr gjerne innom for å prøvelytte spellemannsprisløna Juba Juba frå 1983. I 1948 vart Frank Anthony Iommi fødd i Aston i Birmingham. Gitaristen Tony Iommi var ein snartur innom det alltid like hårfine bandet Jethro Tull før han rota seg i hop med Ozzy, Bill Ward og Geezer Butler for å starte det som seinare skulle bli tungrockbandet Black Sabbath. Dei siste åra har Iommi turnert under namnet Heaven & Hell, saman med den avdøyde metallgnomen Ronnie James Dio. Grunna sjukdom, fyrst Dio, og sidan Iommi sjølv, gjekk han glipp av to turar til Bergen, men eg var heldig og fekk sjå Iommi forige gong han vitja byen, saman med resten av Black Sabbath i 2005. Rekkja som er med å dokumentere dei viktigaste musikalske høgdepunkta frå Iommi si karriere i mi platehylle inneheld debutplata Black Sabbath (1970), samleplata Between Heaven & Hell (1995), samt deltaking på eit spor på Ozzy Osbourne si konsertplate Live & Loud frå 1993. I Philladelphia kom Mark Andes til verda. Bassisten Andes kan hjå meg høyrast medan han spelar for Heart på konsertplata Rock The House-Live frå 1991. I 1954 kom Francis Buchholz til verda i tyske Hannover. Bassisten Buchholz er best kjend for å spele saman med Scorpions og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990, som var den siste av bandet sine plater han deltok på. I 1956 vart Peter Holsapple fødd i Greenwich i Connecticut. Gitaristen Holsapple var frontfigur i bandet The db’s, som, saman med mellom anna R.E.M., herja universitetsmiljøa i søraustre delar av USA på åttitalet. Hjå meg høyrer du Holsapple spele gitar på eit spor på plata Green, som R.E.M slepte i 1988, samt bass på dei same R.E.M. si studioplate Out Of Time frå 1991. I 1958, like etter midnatt, gjekk Billie Holiday og Ray Ellis Orchestra i studio og starta innspelinga av plata Lady In Satin, som kom på marknaden i juni same år. Plata var tilgjengeleg i to format, mono og stereo og skal vist nok vere songarinna sitt favorittalbum. I London kom Steve Nason til verda. Tangentmannen Steve Nieve var sentral i bandet The Attractions, som er kjend for eit årelangt samarbeid med Elvis Costello. Nieve har også vore innom Madness, og kan hjå meg høyrast på plata Mighty Like A Rose, som Elvis Costello slepte i 1991, og samleplata The Heavy Heavy Hits, som var Madness sitt bidrag til platehyllene i 1998. I 1960 kom Steve Poltz til verda i Halifax i Nova Scotia. Gitaristen Poltz er best kjend for å spele og komponere for Jewel, men var i si tid sjefen i The Rugburns og kan i mi platehylle høyrast på Ep’en Mommy, I’m Sorry frå 1995. I 1964 kom Pierre Lamy til verda. Under artistnamnet Polo har Lamy gjort seg merkt som vokalist i det franske alternativbandet Les Satellites som var aktive i åra frå 1985 til 1994. Hjå meg kan Polo høyrast på plata Riches & Célèbres frå 1989. I 1974 spela Johnny Cash inn What On Earth Will You Do (For Heavens Sake). Songen, som var produsert av dei to Jack'ane Clement og Routh, kunne høyrast på plata Ragged Old Flag, som kom ut same år, og er elles å finne på samleplata God som kom ut i 2000. I 1976 vart Teddy Thompson fødd i London. Gitaristen Thompson er son av det tidlegare musikarekteparet Richard og Linda Thompson og må kunne kallast arveleg belasta. Hjå meg kan Thompson høyrast med bakgrunnsvokal på Rufus Wainwright si tredje studioplate, Want One frå 2003. I 1978 kunne ein høyre Gasolin spele live i Tivoli. Songane Kina Rock, December I New York, Fi-Fi Dong, Girl You Got Me Lonely, Refrainet Er Fritt og Som Et Streif Af En Dråbe kan høyrast på samleplata Derudaf - Forever. I 1980 nytta AC/DC- vokalisten Bon Scott dagen til å døy i London etter den siste av hans mange fyllekuler. I 1983 heldt Toy Dolls konsert i Working Mens Club i Newbottle, ein konsert som vart den siste der originalmedlemmen Flip spelte bass. Dette hendte samstundes med at Madness låg trygt på åttandeplassen på listene med singelen Tomorrows Just Another Day, ein song du i mi platehylle finn på samleplata The Heavy Heavy Hits frå 1999. I 2009 døyde Kelly Groucutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar