09.02.2015

Niande februar

Niande februar 1942 vart Carole Klein fødd i New York City. Songerinna Carole King hadde stor suksess som låtskrivar, saman med ektemannen George Goffin, på sekstitalet. Også som plateartist har King hatt stor sukses, og hjå meg finn du studioplata City Streets frå 1989. King er også kreditert for hjelpevokal på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon frå 1975. I 1947 kom Joe Ely til verda i Lubbock i skytegale Texas. Ely har eit stort namn innom fleire ulike sjangrar innom folk-rock konseptet, men hjå meg høyrest han best som hjelpevokalist på The Clash si plate Combat Rock frå 1982. I 1951 vart Dennis Thomas fødd i Jersey City i New Jersey. Multiinstrumentalisten D.T. har lang fartstid i Kool And The Gang og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata Anthology – 20 Greatest Tracks frå 1991. I 1958 vart William D. Evans fødd i Clarendon Hills i Illinois. Bill Evans har seinare gjort seg merkt som ein av verdas beste jazzsaksofonistar og fekk høve til å spele saman med trompetlegenda Miles Davis. Hjå meg kan Evans høyrast på Miles Davis si plate Decoy frå 1984. I 1963 kom David Rotheray til verda i den engelske hamnebyen Kingston upon Hull. Kommunistsonen Dave Rotheray var gitarist i bandet The Beautiful South og hjå meg kan han høyrast på platene Welcome To The Beautiful South (1989), og Painting It Red, som kom på marknaden i 2000. I 1968 slepte Aretha Franklin singelen (Sweet Sweet Baby) Since You’ve Been Gone, med B-sida Ain’t No Way. I 1980 vart Gjermund Landrø fødd i Rennebu. Bassisten Landrø spelte tidlegare i Gåte og kan hjå meg høyrast på plata Iselilja frå 2004. I tillegg nytta Charles Fowlkes dagen til å dra sitt siste andedrag. I Madrid var AC/DC på scenen, hendinga vart filma og Girls Got Rhythm og Highway To Hell kan sjåast på DVD’en Family Jewels. I Newcastle fekk North Kenton Club vitjing av Toy Dolls. I 1991 gav Deacon Blue ut studioplate nummer tre, som fekk tittelen Fellow Hoodlums. I 1994 slepte det finske powermetal-bandet Stratovarius studioplata Dreamspace. I 1997 døyde Brian Connoly av komplikasjonar etter langvarig alkoholmissbruk. I 2002 døyde Bill McElhiney. I 2004 platedebuterte skotske Franz Ferdinand med ei plate som fekk same namn som bandet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar