21.02.2015

Tjuefyrste februar

Tjuefyrste februar 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i Tryon i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar ei Greatest Hits-plate med denne fantastiske artisten. Simone døyde i 2003. I 1945 kom Paul Newton til verda i engelske Andover. Som Uriah Heep sin originalbassist spelte Newton på dei tre fyrste Uriah Heep-platene, Very ’Heavy, Very ’Umble (1970), Salisbury (1971) og Look At Yourself (1971), som alle som er interessert kan få høyre om dei kjem innom og leitar i hyllene mine. Er du spesielt interessert kan du også høyre Newton sitt basspel på utvalde spor på samleplata Echoes In The Dark, som same Uriah Heep slepte i 1991. I 1949 vart Jeremiah Griffin Harrison fødd i Milwaukie i Wisconsin. Tangentmannen Jerry Harrison spelte på debutplata til The Modern Lovers, men er best kjend for å spele i Talking Heads. Hjå meg kan Harrison høyrast på konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992), samt som innleigd musikar på tangentar og mandolin på Violent Femmes si plate The Blind Leading The Naked frå 1986. I 1952 vart Jean-Jacques Burnel fødd av franske foreldre i London. Burnel er mannen bak den gromme basslyden i The Stranglers og kan hjå meg høyrast på plata The Gospel According To Themeninblack frå 1981. I 1955 såg multiinstrumentalisten Larry Campbell dagens lys i metropolen New York City. Campbell, som trakterar så og seie alle strengeinstrument verda har å by på, fekk gleda av å bidra til mi platesamling gjennom å spele på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. I finske Loimaa kom Markku Juhani Valtonen til verda. Mato Valtonen var med i Leningrad Cowboys sidan starten i 1986 og hjå meg kan han høyrast medan han syng på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til den legendariske roadmovieen Leningrad Cowboys Go America (1989) og konsertplata Live In Provinzz frå 1993. Valtonen slutta i bandet i 1997. I 1962 vart Mark Arm fødd i regnfulle Seattle i delstaten Washington, og fekk fullt namn Mark McLaughlin. Mark Arm er best kjend for å ha tent til livets opphald som vokalist og gitarist i grungebandet Mudhoney, og han har i seinare tid turnert som gjestevokalist for eit attforeina MC5, men hjå meg må ein ty til plata Clean As A Broke-Dick Dog (1992) med supergruppa The Monkeywrench for å høyre han spele. I 1967 kom James Dean Bradfield til verda i walisiske Pontypool. Gitarisen Bradfield spelar og syng til vanleg i det walisiske marxistiske bandet Manic Street Preachers. I mi platehylle kan Bradfield høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Thruth Tell Me Yours (1998), i tillegg til samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of Manic Street Preachers) frå 2003. Bradfield kan også høyrast i samarbeid med Tom Jones på songen I’m Left, You’re Right, She’s Gone frå sistnemnde si plate Reload frå 1999. I 1972 gav Led Zeppelin ut singelen Rock And Roll frå plata Led Zeppelin IV, på B-sida var Four Sticks, og plata klatra berre til ein beskjeden førtiandre plass på listene, utan at det burde skremme nokon frå å høyre på produktet. I 1976 fekk sjåarane til det australske Nine Network stifte kjennskap med AC/DC. Det hendte på programmet Bandstand og sjåarane fekk både sjå og høyre at It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Resten av verda finn dette opptaket på DVD’en Plug Me In. I 1980 sa West Cornfort Club i gruvebyen Durham velkomen til Toy Dolls. I 1981 var dette dagen Motörhead slepte The St. Valentines Day Massacre Ep laus på fansen. I 1985 kunne ein oppleve Toy Dolls på Electric Ballroom i London.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar