17.02.2015

Syttande februar

Syttande februar 1933 kom Spike Heatley til verda i London. Bassisten Heatley sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Rod Stewart si plate Smiler frå 1974 og på utvalde spor på same Stewart si doble samleplate The Mercury Anthology frå 1992. I 1938 vart Charles Wilburn Trent fødd i Spartanburg i South Carolina. Banjospelande Buck Trent har vore profesjonell musikar sidan han var ti år gamal og er ein anerkjent country-musikar som i mi platehylle kan høyrast på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Dolly Parton slepte laus på uskuldege platekjøparar i 1982. I 1950 vart multiinstrumentalisten Rickey Medlocke fødd i Jacksonville, nord i pensjoniststaten Florida. Medlocke, som er barnebarn av bluesartisten Shorty Medlocke, er best kjend for at han gjennom åra har vore gitarist og vokalist i Blackfoot, og at han har vore innom sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd i to periodar, der han har traktert både trommer og gitar. I mi platesamling er Medlocke representert med gitarspel og vokal på Blackfoot si studioplate Marauder (1981), i tillegg til den fantastiske konsertplata Highway Song, frå englandsturneen i 1982. Medlocke er også kreditert for gitarspel på den niande studiplata frå Lynyrd Skynyrd, Twenty, som kom i platehyllene i 1997. Den tidlegare Blackfoot-sjefen har framleis ei framtredande rolle i sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd, samstundes som han leiger ut bandnamnet Blackfoot under strengt overoppsyn av sjefen sjølv. I 1951 kom John Lingwood til verda i London. Trommeslagaren Lingwood sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som Manfred Mann’s Earth Band slepte i 1999. I 1957 vart Jeffrey Foskett fødd i California. Gitaristen Jeff Foskett er best kjend for å spele med The Beach Boys, i mi platehylle kan han høyrast på Brian Wilson sine plater Pet Sounds Live (2002) og Smile frå 2004. I 1960 spelte Johnny Cash inn songane I Feel Better All Over og My Shoes Keep Walking Back To You. Begge songane fekk plass på plata Now, There Was A Song og kan i tillegg høyrast på samleplata Love frå 2000. I 1972 kom Gunnar Westgaard til verda. Bassisten Westgaard spelte i utskjelde Postgirobygget frå 1995 til 2008 og i mi plathylle kan han høyrast på studioplata Melis frå 1996. I industribyen Oakland i California vart Billie Joe Armstrong fødd. Som vokalist og gitarist er Armstrong frontmannen i Green Day og mi platesamling byr på studioplatene Dookie frå 1994 og Nimrod (1997), i tillegg til konsertplata Bullet In A Bible, som kom på marknaden i 2005. I Fort Worth i skytegale Texas kom Oliver Talylor Hawkins til verda. Trommisen Taylor Hawkins har sidan 1997 eigd trommestolen i Foo Fighters og er i platehylle kreditert for å halde takten på eitt spor på studioplata The Colour And The Shape frå 1997, samt på heile tredjeplata There Is Nothing Left To Lose frå 1999. I 1975 gav våre venner i AC/DC ut debutplata si, High Voltage, på heimemarknaden i Australia. Resten av verda måtte vente til Atlantic Records lanserte ein internasjonal versjon i 1976, men denne hadde ei anna samansetjing av låtutvalet på originalen. I 1976 kom Svein Berge til verda i Tromsø. Berge er den eine halvleiken av elektronikaduoen Röyksopp og kan i mi platehylle høyrast på debutplata Melody A.M. frå 2001. I 1978 slepte The Clash singelen Clash City Rockers, som nådde ein trettifemteplass på dei engelske singellistene. I 1980 nytta Toy Dolls datoen til å dra attende til Old Club i Shildon for å spele for fansen. Året etter, i 1981, nytta Iron Maiden denne datoen til å legge ut på ein omfattande verdsturne. Fyrste konserten var i Ipswich, den fyrste av i alt tjuefire i England, før resten av den vide verda stod for tur, eitt hundre og tretten konsertar alt i alt. Mindre oppstuss, men like sveitt stemning var det truleg då trufaste Toy Dolls nytta denne kvelden til å spele på Wine Loft i Sunderland litt lengre nord på den engelske austkysten. Dette hendte same dag som Los Palmas 7 var nummer sju på dei engelske singellistene, same plassering som songen har fått på Madness si samleplate The Heavy Heavy Hits frå 1998. I 2005 slepte Total Devastation plata Reclusion.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar