23.02.2015

Tjuetredje februar

Tjuetredje februar 1944 vart prestesonen frå skytegale Texas, John Dawson Winter III, fødd i Beaumont. Gitaristen Johnny Winter er kjend som verdas kvitaste bluesartist, og det vert hevda at dei flotte tatoveringane hans er dei einaste pigmenta han har i huda. At Johnny også er ein av verdas beste bluesgitaristar, ranka som nummer syttifire av Rolling Stone Magazine i 2003, kjem ofte litt i bakgrunnen. Eg har ei fin samling av Johnny Winter sine plater, studioplatene Nothin’ But The Blues (1971), Guitar Slinger (1984) og Let Me In (1991), samt den doble samleplata A Rock ‘n Roll Collection, men er mest nøgd med dei tre konsertplatene And Live (1971), Captured Live (1976) og Live In NYC ’97 (1998). Eg angrar enno bittert på at eg ikkje reiste for å sjå og høyre legenda då han vitja bluesbygda Skånevik i Sunnhordland for ei tid sidan. Rykta fortel at den reisa ikkje ville vore like skuffande som konserten Johnny heldt i Oseana på tampen av juni 2013. Winter døyde i 2014. I 1945 kom John Halsey til verda i engelske Highgate. Trommisen Halsey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Lou Reed si plate Transformer frå 1972. I 1948 kom Stephen Norman Priest til verda i engelske Hayes. Steve Priest var bassist i Sweet og turnerar framleis med sin eigen versjon av bandet. Hjå meg kan Priest sitt arbeid høyrast på samleplata The Best Of Sweet frå 1992. I 1952 vart Bradford Ernest Whitford fødd i Winchester i Massachutsets. Aerosmith-gitaristen Brad Whitford har ledsaga sjefsgitarist Joe Perry sine grumsete riff sidan 1971. I mi platehylle kan Whitford høyrast på studioplatene Draw The Line (1976) og Rocks (1977). I 1957 vart studio fylt av lyden av ein ung Elvis Presley som song One Night for innspeling på plate. I 1962 kom Michael Wilton til verda i Oakland i California. Gitaristen Wilton er ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate The Warning (1987), på Empire frå 1990, og Hear In The New Frontier, som kom på marknaden i 1997. I 1964 vart John Terry Norum fødd i den forblåste festningsbyen Vardø. Gitaristen John Norum var ein av grunnleggjarane av dei svenske puddelrockarane Europe og hjå meg høyrer du gitarspelet hans på den storselgjande gjennombrottsplata The Final Countdown frå 1986. I 1967 kom Chris A. Vrenna til verda i Erie i Pennsylvania. Musikaren Chris Vrenna har jobba med Marilyn Manson, Nine Inch Nails og The Smashing Pumpkins, og er i mi platehylle kreditert for programmering på Meat Loaf si storslagne studioplate Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1973 kom Lars-Olof Johansson til verda i grasklipparbyen Husquarna. Tangentmannen Lasse Johansson spelar til dagleg i The Cardigans og kan i mi platehylle høyrast tangentspel og gitar på kjempehiten Burning Down The House på Tom Jones si plate Reload frå 1999. I 1976 slepte sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd singelen Double Trouble ut på marknaden. Same dag filma AC/DC eit promoklipp for It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Sekkepipebandet Rats Of Tobruk Pipe Band med mellom anna Allan Butterworth, L. Kenfield og Kevin Conlon er med som statistar. I 1979 slepte The Clash singelen English Civil War, som nådde tjuefemteplass på dei britiske singellistene. I 1980 kom Iron Maiden sin debutsingel på EMI, Running Free, som klatra til trettifjerdeplass på dei engelske singellistene. Bandet nytta også denne datoen til å spele live på det legendariske musikkprogrammet Top Of The Pops som det fyrste bandet sidan The Who gjorde det same i 1972. I 1985 bydde denne datoen på ein Toy Dolls konsert på Grannies i hamnebyen Portsmouth. I 1987 slepte The Smiths samleplata The World Won’t Listen, som klatra så høgt som til ein andreplass på dei engelske albumlistene. I 1993 gav Grant Lee Buffalo ut plata Fuzzy, som var dei tidlegare Shiva Burlesque-medlemmene si debutplate under nytt namn. I 1997 døyde Tony Williams. I 1999 slepte Eminem si andre studioplate, The Slim Shady LP, og Blondie sitt bidrag til platehyllene heit No Exit og var bandet si sjuande studioplate, den fyrste sidan 1982. I 2003 døyde Howie Epstein. I 2004 døyde Carl Anderson. I 2010 var det klart for plateslepp frå Johnny Cash sitt dødsbu. American VI: Ain’t No Grave var klar for platehyllene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar